
To nye grunnkursklassar i mekaniske fag har teke verkstaden i bruk. Anlegget omfattar ein sveiseverkstad for 16. personar utrusta med tradisjonell gass- og elektrisk sveising, TIG-, MIG- og MAG-sveising, samt gass- og plasmaskjering. Maskinverkstaden er oppgradert med mellom anna ti nye manuelle dreiebenkar, ein CNC-styrt dreiebenk, samt ny fres, bandslipemaskin og søyleboremaskin. Sjølve lokalet er oppgradert med ny belysning, energiforsyning og nyrenoverte overflatar. Vidare er både garderobe og verkstadklasserommet oppgradert, slik at tilhøyrande undervising i sveis og mekanikk kan føregå i direkte tilknyting til verkstadene.
To års byggetid
Det har teke to år å bygge anlegget. Under den offisielle opninga var representantar for opplæringsavdelinga, fylkesbyggesjefen, maskinleverandør, samt tilsette og elevar ved skulen til stades.
Finansieringa av verkstaden er samansett av fylkeskommunale midlar, pluss midlar frå eigen kursverksemd ved skulen.
Takk for innsatsen
Rektor Bjørn Kristian Jæger takka eige personale for eineståande innsats og var tilfreds over at prosjektet er gjennomført innanfor budsjett- og tidsrammer. Investeringa gjev dei beste verkstadfasilitetar med plass for to nye grunnkursklassar for mekaniske fag.
Anlegget står fram som det mest moderne mekaniske verkstadanlegget i dei fylkeskommunale skular i Hordaland, og vil bidra til ei fullverdig mekanisk utdanning, fin profilering og marknadsføring av skulen, sa rektor.