
Og frammøtet av unge frå Bergen og omland har vore godt. I dag torsdag 4. nov. er messa open frå kl. 09.00-15.00 og kl. 18.00-20.00. Siste opningsdag for messa er fredag 5. november kl. 09.00-13.00 .
Arrangør av denne messa er Foreningen Yrkeslabyrinten, som er ei foreining for Opplæringskontor for yrkesfag i Hordaland. Hordaland fylkeskommune er hovudsponsor og samarbeidspartnar. I fjor hadde messa 10.000 besøkande. I år var ca. 6000 førehandspåmelde.
Dei fleste studieretningane er representerte av utstillarar frå ulike opplæringskontor og vidaregånde skular. Elevar og lærlingar utfører praktiske aktivitetar og fagarbeidarar, lærarar og andre som rettleier om fag, skuletilbod, læreplassar og vegen vidare er til stades i messehallen.
Fylkeskommunen er representert ved fagopplæringskontoret, inntakskontoret og arbeidslaget Kompetanesfylket Hordaland. Aetat , Statens lånekasse, LO m.fl. er også på plass.
Hjeltnes profilerer seg
Mellom dei som profilerer seg med ein veloppbygd stand på messa er Hjeltnes gartnarskule i Ulvik. Anleggsgartnarlinje ved skulen bygde opp eit heilt uteanlegg (sjå biletet) i hallen. Øyvind Bakke, som både er lærar og fagarbeidar ver skulen, seier dei nyttar messa for å informera om «dei grøne utdanningstilboda ved skulen» som for tida slit med rekrutteringa til grunnkurs. Deltaking på Yrkeslabyrinten er eitt av fleire tiltak skulen har for å nå ut med informasjon og få fleire søkjarar.
Fylkesordføraren opna messa
— Vi ser det innanfor nesten alle moglege område. Endringar skjer stadig hurtigare. Jammen skal vi følgja godt med for å ikkje mista oversikta ! Denne konstante endringsprosessen ser vi også igjen i skuleverket. Det blir stadig fleire fag å velja mellom. Det er positivt, men det gjer valet vanskelegare for deg som skal velja utdanning, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna messa onsdag 2. nov.
Gjennom Yrkeslabyrinten ynskjer vi å gjera det lettare for deg som ungdom å treffa eit rett yrkesval. Her er det skapt ein levande messehall med mange aktivitetar og høve til aktiv deltaking. Ein kort faktaomtale i ein studiekatalog kan ikkje gje eit fullt ut forståeleg bilde av dei ulike faga. Denne messa vil derfor visa realistiske situasjonar der faga blir viste i praksis. Dei som besøkjer yrkesmessa vil med andre ord oppleva eit stort mangfald og ein yrande aktivitet, sa fylkesordføraren.
«Miserabel» frå Fyllingsdalen
Opningsdagen hadde musikk, dans- og drama-linje ved Fyllingsdalen videregående skole eit flott innslag frå «Miserabel»-oppsetjinga si. Det om lag kvarter lange innslaget vart lagt merke til og godt motteke i messehallen midt i elevane sin travle aktivitet med å skaffa seg informasjon frå dei ulike utstillarane.
Stanley Hauge