
Ved tilrettelegginga av nettsidene har vi først og fremst hatt som mål at dei skal vera informative, lett forståelege, oversiktlege og enkle å ta seg fram på for brukarane våre, seier Inge Døskeland. Vi satsar på at sidene skal gje brukarane god informasjon om til dømes utviklingsprosjekt, verkemiddelordningar, forvalting og bruk av sjøareal til havbruk.
På sidene finn ein mellom anna «Kystråd»-rettleiar som skal hjelpa planleggjarar i kommunane i Hordaland med ei betre og meir kunnskapsbasert arealplanlegging der spørsmål om havbruk inngår. Det vil også kome interaktive kart, opplysningar om konsesjonar for skjelsand og skjema for søknad om regionale utviklingsmidlar.
Vi satsar på at nettsidene skal gje brukarane svar på vanlege spørsmål. Nettsidene er døgnopne og brukarane kan finna informasjon når det høver dei og utan at dei må vera i direkte kontakt med oss. På den måten vil sidene også rasjonalisera arbeidet vårt, og vi får frigjort tid til dei mange faglege oppgåvene, seier Inge Døskeland.
Det er lagt vekt på å gje sidene ei enkel og tydeleg grafisk utforming, men med omfattande innhald.
Sidene er frå 5. november tilgjengelege frå Hordaland fylkeskommune si hovudside, venstre menyfelt, under «Arbeidsområde» - Verdiskaping i kystsona.
Direkte lenkje til Verdiskaping i kystsona.
Stanley Hauge