Samferdselsutvalet i Hordaland går inn for å samordne ungdomskortet med skuleskyss frå og med skuleåret 2005-2006. Samstundes skal ungdomskortordninga utvidast til å femne om alle fylkesinterne ferje-, snøggbåt- og lokalbåtruter, Flaggruten og Kystbussen.
Utvalet tilrår at fylkesrådmannen får fullmakt til å framforhandle kompensasjonsavtalar med Statens vegvesen og aktuelle ruteselskap. Utvalet ber om at det blir teke initiativ overfor nabofylka om eit samarbeid slik at kortet på sikt kan nyttast på tvers av fylkesgrensene.
Sigurd Solberg, RV, gjekk inn for å oppretthalde skulereiseordninga som i dag, men at dei som seier frå seg skulereisekortet skal få 1000 kroner i årleg rabatt på ungdomskortet. Dette fekk fem røyster (A, SV og RV) og fall.
Saka går vidare til fylkesutvalet 24 og 25. november.
Bjarte Brask Eriksen