Stord lufthamn på veg mot 40 000 passasjerar i 2004

Pr. utgangen av oktober hadde det reist 32.388 passasjerar over Stord lufthamn i 2004. Dette er ein auke på 7.670 eller 31% i høve til same periode i fjor.

Atlantic Airways sin BAE146/200 på Stord lufthamn.

Dersom den positive trafikkutviklinga held fram resten av året vil lufthamna passera 40.000 reisande i 2004. Målet til lufthamnstyret for 2004 var å nå 35.000 reisande, heiter det i ei pressemelding frå Stord lufthamn.

I oktober reiste det 5.377 passasjerar over Stord lufthamn, Sørstokken. Dette er ein auke på heile 2.449 passasjerar eller 83,6% i høve til same månad i fjor. 3.559 passasjerar reiste med rutefly på strekninga Stord-Oslo v.v. Dette er ein auke på 631 passasjerar eller 21,5% i høve til same månad i fjor. Lufthamna hadde i oktober 532 innanlands charterpassasjerar. Desse passasjerane var Aker/Kværner-tilsette som arbeider på Snøkvitprosjektet i Hammerfest. I tillegg hadde lufthamna 679 charterpassasjerar til/frå utlandet. Stord lufthamn hadde også 607 transittpassasjerar i oktober. Desse passasjerane var Aker/Kværner-tilsette i transitt til/frå Stavanger lufthavn, Sola.

Det er flyselskapet Coast Air som flyg ruta Stord-Oslo v.v. med sitt 48 seters fly av typen ATR-42. Coast Air har hatt ein svært god regularitet på flygingane sine på Stord. Coast Air flyg også faste charterflygingar på strekninga Stord-Inverness-Stord i helga.

Flyselskapet Atlantic Airways frå Færøyane nyttar flytypen BAE-146/200 med 95 passasjersete på sine charterflygingar for Aker/Kværner på Snøkvitprosjektet. Atlantic Airways flyg strekninga Stavanger-Stord-Alta-Stord-Stavanger 2 gonger kvar onsdag.

Stanley Hauge

05.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart