Dette går fram av det revidert budsjettgrunnlag for 2005 og økonomiplanperioden 2005-08 som fylkesrådmannen la fram 1. november.
Statsbudsjettet
Netto betrar statsbudsjettet situasjonen for Hordaland fylkeskommune med 22,5 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget pr. 1. oktober.
Fylkeskommunen får neste år 20 mill. kr i skjønstilskot som kompensasjon for bortfallet av rammetilskot etter det såkalla øybuarkriteriet. Samanlikna med 2003 tapte i år Hordaland opphaveleg 38 mill. kr på bortfallet, men fekk seinare tildelt 10 mill. kr i skjønstilskot for 2004. I budsjettgrunnlaget var det ikkje rekna med noko i kompenasjon for 2005.
Hordaland sitt trekk i rammetilskotet for elevar i frittståande skular vert redusert med vel 11,7 mill. kr i 2005. Bakgrunnen er at einskilde frittståande skular (private og statlege) som tidlegare vart kategoriserte som skular med spesialundervisning, skal kategoriserast som skular med vanleg undervisning. Trekksatsane vert dermed lågare. For Hordaland sin del gjeld dette Krokeide yrkesskole.
Samla vert dei frie inntektene til fylkeskommunen 42,1 mill. kr høgare enn det som var rekna med i budsjettgrunnlaget.
Statsbudsjettet fører til at fylkeskommunen må auka summen til lønsavsetjingar med 12 mill. kr sidan staten legg til grunn ein lønsvekst på 4 % mot tidlegare varsla 3,25 %. Dette gjev også utslag for kvalitetsavtalane fylkeskommunen har med rutelaga, slik at tilskotet til kollektivtrafikkselskapa må aukast med 4,6 mill. kr. Staten legg også om ordninga med tilskot til landslinjer i dei vidaregåande skulane. For Hordaland vedkjem omlegginga yrkessjåførlinja ved Os vidaregåande skule, og inntektsnedgangen til fylkeskommunen er rekna til 3 mill. kr neste år.
I det reviderte budsjettgrunnlaget er det ikkje teke omsyn til at det i statsbudsjettet er rekna med litt høgare prisstiging enn det fylkesrådmannen la til grunn pr. 1. oktober. Det er heller ikkje teke omsyn til den føreslegne endringa i sjukelønsfinansieringa.
Pensjonskostnader
Då budsjettgrunnlaget vart lagt fram låg det føre prognosar som tilsa sterk auke i pensjonskostnadene både i 2004 og 2005. Prognosar som no ligg føre frå pensjonsselskapa, gjer at fylkesrådmannen reknar med 6 mill. kr lågare pensjonskostnader enn det som låg til grunn pr. 1. oktober.
Dekkjer uspesifisert innsparing
I budsjettgrunnlaget frå 1. oktober var det ein udekka sum på 19,1 mill. kr. I staden for å måtta skjera ned ytterlegare for å dekka denne summen, føreslår fylkesrådmannen den dekka av budsjettbetringa.
Underskotsdekking
I samband med økonomirapporten pr. 31. august 2004, varsla fylkesrådmannen at skatteinntektene i 2004 kom til å verta 20 mill. kr lågare enn budsjettert. I det reviderte budsjettgrunnlaget seier han at skattesvikten kan verta større enn dette. På denne bakgrunn føreslår han å setja av ytterlegare 6 mill. kr til 2005 og 2006 til dekking av underskota frå 2002-03. Desse underskota er til saman på 86,8 mill. kr.
I budsjettgrunnlaget pr. 1. oktober var det lagt til grunn at 14 mill. kr av underskota skal dekkast i 2004, 38 mill. kr i 2005 og 24,6 mill. kr i 2006. Fylkesrådmannen fryktar at ein ikkje vil greia å dekka noko særleg av underskota i år, men meiner at det framleis er von om å unngå rekneskapsunderskot i 2004.
På bakgrunn av den nemnde situasjonen, føreslår fylkesrådmannen meir til underskotsdekking i 2005-06. I det reviderte budsjettgrunnlaget er det lagt til grunn at 44 mill. kr skal dekkast i 2005 og 40,6 mill. kr i 2006.
Andre endringar
Kontingenten til Kommunenes Sentralforbund vert 1 mill. kr lågare enn opphaveleg budsjettert etter at KS sitt landsstyre har vedteke å setja ned kontingenten for fylkeskommunane.
Budsjettet for ekstraordinært vedlikehald ved dei vidaregåande skulane vert føreslege auka med 2,27 mill. kr til 10 mill. kr i 2005.
Fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto vert auka med ca. 2 mill. kr til vel 3,6 mill. kr. Denne kontoen har dei seinare åra vore budsjetterte i knappaste laget. Fylkesrådmannen har også teke omsyn til at tilskot til båtruta Askøy-Bergen i 2005 må dekkast av denne kontoen.
Hordaland fylkeskommune får i følgje statsbudsjettet 50,83 mill. kr til regional utviklking i 2005, ein liten nedgang frå 2004 då summen var 51,6 mill. kr. Fylkesbudsjettet er justert tilsvarande.
Uendra investeringar
Fylkesrådmannen har ikkje gjort endringar i investeringsopplegget for 2005 i høve til budsjettgrunnlaget pr. 1. oktober 2004.
Budsjetthandsaminga
Budsjett 2005 og økonomiplan 2005-08 skal behandlast i dei faste utvala slik:
Samferdselsutvalet 10. nov., kultur- og ressursutvalet 11. nov. og opplærings- og helseutvalet 16.-17. nov. Fylkesutvalet skal handsama budsjettet i møte på Solstrand fjordhotell 24.-25. nov. og fylkestinget gjer endeleg budsjettvedtak på tinget i Bergen 14.-15. desember.
Revidert budsjettgrunnlag med endringar i høve til budsjettgrunnlaget frå 1. oktober 2004
Budsjettsidene til Hordaland fylkeskommune
Stanley Hauge