Like før treet blir felt. Heile Søfteland skule deltok. Framfor Claire Stables med mor Kathleen Fraser, lillebor Cameron, far Kenneth Stables og fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.
I fjor deltok 8000 personar i lysfesten i Edinburgh. Dette er det 21. året på rad Hordaland gjev eit juletre for å markere det gode forholdet til venskapsbyen over Nordsjøen.
I år er det ekstra stor merksemd rundt juletreet. Avisa i Edinburgh, Evening News, hadde 26. oktober ein konkurranse der ein familie kunne vinne tur til Hordaland og plukke ut treet. Den lukkelege vinnaren var åtte år gamle Claire Stables, som saman med mor, far og lillebror, fekk ei flott helg i Bergen.
- Eg vart svært glad og overraska, seier Claire. Dette var andre gongen ho og familien var i Bergen. – Eg likte best å vere i symjebassenget, fortel Claire, som mellom anna var i Badeland, i Akvariet og på Fløyen.
Journalist Ruth Hunter Pepper i Evening News fortel at dei fekk over 1000 svar på konkurransen.
Det valde treet stod i hagen til Elise og Olaf Vik Nicholaisen, like ved Søfteland skule.
- Treet er 103 år gammalt og var det siste som vart planta ut av Eikhaug planteskule her på Søfteland. Det er litt vemodig at det er vekke, men det skygger for terrassen.
Ekteparet tok først kontakt med Bergen kommune for å tilby det som den årlege julegåva frå Bergen by til Newcastle. Men det 23 meter treet var i største laget og Bergen takka nei. Dermed kom Hordaland fylkeskomune inn i biletet. Den gamle rekorden for treet i Edinburgh er 17 meter, men dette blir større. Etter at det var kappa til, vart den målte lengda på 19 meter.
Fylkesvaraordførar Tom-Christen Nilsen sa i tala, like før hogging at lystenninga er blitt ein viktig storhending i Edinburgh. Dette er 21. gongen at Hordaland fylkeksommune sender juletre til byen.
Claire Stables fekk ta det første hogget med øks, før treet vart felt og plassert på det ventande vogntoget. Måndag ettermiddag starta reisen med båt over Nordsjøen. Og ein månad før jul, blir lysa på treet tent.

Bjarte Brask Eriksen