Fylkesutvalet ber Fjord Line utsetja utflagging og oppseiingar

Hordaland fylkesutval er sterkt uroa over at rederiet Fjord Line har varsla oppseiing av 350 tilsette som følgje av endringane i nettolønsordninga. Fylkesutvalet oppmodar Fjord Line om å utsetja utflagginga i påvente av moglege endringar i lovar og regelv


I ei fråsegn til næringsministeren og Stortinget ber fylkesutvalet om at Stortinget på nytt vurderer dei omfattande negative konsekvensane knytt til bortfallet av nettolønsordninga for ikkje sertifikatpliktige stillingar i NOR-registeret. Fylkesutvalet oppmodar Stortinget om å sikra stabile og langsiktige rammevilkår for skipsfartsnæringa, her under nettolønsordninga for heile besetninga på utanlandsferjene.

Skipsfarten utgjer svært viktige arbeidsplassar for Vestlandet og fylkesutvalet vil mellom anna gjennom Vestlandsrådet engasjera seg sterkt å gi norsk skipsfart vilkår som er i tråd med det som gjeld i dei andre nordiske landa og i EU-området, heiter det i fråsegna.

Fråsegna som var eit felles forslag frå Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Høgre og Kristeleg folkeparti, vart samrøystes vedteken av fylkesutvalet 25. november. Forslaget vart sett fram av Gisle Handeland (Ap) på vegner av dei nemnde partia.

Stanley Hauge

25.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart