
På møtet som vart halde i Fylkeshuset, fekk statsråden orientering om Hardangerbrua, kraftvarmeverk på Mongstad, beredskapen langs kysten og om Carbontech AS sitt prosjekt for å utvikla hydrogen og karbon av naturgass.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg orienterte om fylkeskommunen si handsaming og syn på dei nemnde sakene. Frå fylkeskommunen deltok også fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, fylkesrådmann Paul M. Nilsen og fagmedarbeidarar for dei aktuelle sakene.
Ordførar Erling Walderhaug frå Fedje deltok under orienteringa om beredskapen på kysten, og leiar i styret for Hardangebrua, Einar Lutro, under orienteringa om Hardangerbrua.
Karbon og hydrogen frå naturgass
Bergensbedrifta Carbontech har utvikla ein reaktor som klarar å omdanna naturgass til karbon og hydrogen. Sivilingeniør og dagleg leiar i Carbontech AS, Arne Godal, orienterte om prosjektet.
Testresultata er lovande og firmaet satsar på å byggja ein fabrikk for produksjon av karbon i stor skala, eit produkt som kan seljast til god pris i dag. Hydrogenet kan brukast til produksjon av elektrisitet i gasskraftverk med minimale utslepp i forhold til konvensjonelle gasskraftverk.
Stanley Hauge