Arbeidet med idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i fylket har vore sett i fokus ved ”Fylkeskonferansen i Hordaland” dei åtte siste åra. Fysisk aktivitet og samfunn er eit viktig tema. Hordaland fylkeskommune, Hordaland Idrettskrets, Bergen og Friluftsråd, Bergen Turlag og Fylkesmannen i Hordaland ønskjer velkomen til ein konferanse som tar opp sentrale emne knytt til dette arbeidet.
Konferansen vert halden på Bergen Airport Hotel, 19. og 20. november 2004. Konferansen varer frå 14.00 til 18.15 fredag og frå 09.00 til 14.00 laurdag.
Før årets Fylkeskonferanse set i gang, vert det halde ei fagsamling om nærmiljøanlegg. Målet med fagsamlinga er å gje informasjon om typiske nærmiljøanlegg, om auka bygging av ballbingar og kva for arenaer born og unge utfoldar seg. Målgrupper for fagseminaret er baneeigarar, kommunale sakshandsamarar, planleggjarar, ”byggherrer”, anleggskontaktar/-ansvarlege i idrettslag med fleire. Fagsamlinga tar til før Fylkeskonferansen; fredag 19. november, klokka 10.00.
Konferansen og fagsamlinga skal vere ein møtestad for formidling og utveksling av erfaringar og kunnskap innan feltet. Folkehelse, samfunnsbygging, sosialisering, anlegg/aktivitetsområde og regional utvikling er sentrale grunnemne innan fagfeltet idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Konferansen i år set søkjelys mot tilrettelegging av fysisk aktivitet og samspelet mellom det statlege, det regionale og det lokale nivå.
Målgruppa for konferansen og fagsamlinga er aktørar som arbeider med eller har eit ansvar innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Hordaland.
Program for konferansen