Forskottering av trafikksikringstiltak i Fjell

Samferdselsutvalet i Hordaland går inn for at Fjell kommune får forskottere to millionar kroner til opprusting av riksveg 555 gjennom Fjell sentrum. Tiltaket er til dels eit miljø- og dels eit trafikksikringstiltak.


Prosjektet vil koste 10 millionar kroner. Pengane skal gå til bygging av fortau og utbetring av vegbana over ei lengde på om lag ein kilometer. Samferdselsutvalet føreset at omsynet til syklistane blir ivareteke. Tidspunkt for refusjon av pengane blir fastsett blir fastset i samband med handsaminga av handlingsprogrammet til Norsk Transportplan (NTP) 2006-2015.

I tillegg til dei to millionar kronene som Fjell kommune forskotterer, skal dei resterande åtte millionane innarbeidast i budsjettrammene til Vestlandsrådet si forsøksordning på det øvrige riksvegnettet i samband med gjennomføring av prosjektet.

Saka går vidare til fylkesutvalet 24 og 25. november.

Bjarte Brask Eriksen

13.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart