Samferdselsutvalet i Hordaland går med åtte mot fire røyster inn for at eit drosjeløyve på Tysnes blir omgjort til reservedrosjeløyve. Innehavar av drosjeløyvet har levert inn drosjeløyvet og søkjer om omgjering.
Reservedrosjeløyvet skal vere knytt til Tysnes Drosjesentral og ha haldeplass på Lundegrend. Det er ein føresetnad at løyvehavar og drosjesentralen saman utarbeider ein vaktplan som inneber at innbyggarane i Våge-området har eit tilfredsstillande drosjetilbod.
Fleirtalet var samansett av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti.
Mindretalet, Arbeidarpartiet og Raud Valallianse, røysta for eit forslag frå Tore Vidar Lervik (A) om å lyse drosjeløyvet ut på nytt og tildele ny løyvehavar som eit ordinært drosjeløyve med haldeplass på Våge.
Saka går vidare til fylkesutvalet 24 og 25. november.
Bjarte Brask Eriksen