
Milliontilskot frå VOX/KUP
I juni i år fekk prosjektet 1 mill. kr i tilskot frå kompetanseutviklingsprogrammet (KUP) til Voksenopplæringsinstituttet (VOX).
Desse midlane, skal saman med midlar som prosjektdeltakarane går inn med, nyttast til å utvikla og spreia gode metodar og modellar for læring og oppbygging av tverrkulturell kompetanse på arbeidsplassar. Kort sagt skal ein spreia erfaringar og kunnskapar som er tileigna gjennom «Hordalandsmodellen» til kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege verksemder i heile landet.
Hordalandsmodellen
Hordalandsmodellen er utvikla av Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Bergen kommune, KS og UDI. Arbeidet har vore støtta økonomisk av UDI og VOX/KUP. Prosjektet er evaluert av forskarane Kirsten Lauritsen og Berit Berg ved SINTEF/IFIM, som med støtte frå KS har skrive handboka ”Med kurs for tverrkulturell kompetanse – Hordalandsmodellen”.
Regionale konferansar
Som eit ledd i arbeidet med å byggja opp den tverrkulturelle kompetansen hjå offentleg tilsette skal det i dei fem regionane til Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomførast regionale konferansar. Den første i Stjørdal 9. desember for Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal. Dei fire andre skal haldast neste år. For Vestlandet vert temaet ein del av konferansen «Vestlandet – eit tverrkulturelt samfunn» som skal haldast 12.-13. april 2005.
Målet er å byggja opp eit nettverk av førelesarar som kan spreia opplegget i «Hordalandsmodellen» vidare i dei offentlege verksemdene. Til konferansane vert politisk og administrativ leiing, personalleiing og kompetanseansvarlege i kommunane, fylkeskommunane, hjå fylkesmennene og helseføretaka inviterte.
Erfaringar og metodikk
På konferansane vil erfaringar og metodikk frå «Hordalandsmodellen» verta formidla.
Viktige spørsmål som vert sette på dagsorden er:
– Er tenestene våre tilpassa brukarane sine behov?
– Kven er tenestebrukarane i eit kulturelt mangfaldig samfunn? ?
– Har dine tilsette nødvendig kunnskap og kompetanse til å møta behov hos alle dei ulike tenestebrukarane? ?
– Kva kan vi gjera for å tilpassa tenestene betre slik at alle brukarane får eit likeverdig tilbod? ?
– Har kommunar, fylkeskommunar og fylkesmennene ei rolle å spela i utvikling og brukartilpassing av tenestetilbodet i eit fleirkulturelt samfunn? ?
Frukt av lokalt samarbeid
Utviklinga av «Hordalandsmodellen» har skjedd gjennom det arbeidet som er gjort lokalt i Hordaland i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, UDI, KS-Hordaland, Kommunal Kompetanse Region Vest og fagforeiningane.
Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har gjennom eigne handlingsplanar teke utfordringa med å sikra likeverdig tenestetilbod for minoritetane. Og gjennom felles pilotprosjekt er modellen for korleis ei offentleg verksemd kan byggja opp intern tverrkulturell kompetanse utvikla.
Resultata er vortne lagde merke til. M.a. i «St. meld. nr. 49 (2003-04) Mangfold gjennom inkludering og detakelse» er det referert til røynsler frå Hordalandsmodellen.
Meir informasjon
Her finn du meir informasjon om «Hordalandsmodellen»
Pressemelding for konferansen i Stjørdal 9. desember 2004
Program for konferansen i Stjørdal 9. desember 2004
Stanley Hauge