Bokbåten Epos på hausttur i Hordaland

12. november legg bokbåten Epos ut på hausttur, og 52 små og større stader i Hordaland får besøk, før turen avsluttast 1. desember.

Bokbåtdrifta er eit Vestlandssamarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal. I Hordaland som i dei andre fylka, er bokbåten eit svært populært bibliotek- og kulturtilbod i kyst- og fjordområda. Enkelte stader bur det mange, andre stader få – og vi er alltid like velkomen.

Bokbåten har med seg bøker og lydbøker om alt og for alle. I tilegg har den alltid med eit kulturprogram. Kulturprogrammet i Sunnhordland er denne gangen Knut Berntsen som Klovnen Knut. Berntsen er utdanna førskulelærar og er klovn/ gjøglar/ tullekunstnar på heiltid. På bokbåten skal han vise framsyninga ”Apestrekar” som han forklarar på følgjande lettfattelege vis: ”Apestrekane spinn rundt historia ”På løven sitter nissen” som er henta frå Norge Løver. Klovnen Knut vil prøve å lese denne historia. Men etter som ryktet går, vil den taletrengte bergensaren med flokehår og musefletter vikle seg inn i tullekunstar og teletull. Ikkje minst på grunn av den kjempesmåfrekke Tom Tuba – som også kjem.
Les meir om klovnen Knut

I Nordhordland vil forfattaren og musikaren Roald Kaldestad frå Stord, underhalda. Kaldestad er gitarist og låtskrivar i ei rekke band, tidlegare blant anna i Something Odd og Nordstoga. I dag er han aktiv i Coolmore Mile, Kloster og verdas yngste sjantikor, Storm Weather Shanty Choir. Kaldestad har skrive tre bøker om Heavykatten som diggar heavymusikk, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip. På bokbåten vil han lese og fortelje frå bøkene, og spela opptak frå bøkene frå Barnetimen for dei minste.
Les meir om Roald Kaldestad

Til kulturprogramma får vi kjærkomen økonomisk støtte frå Folkeakademiet i Hordaland. Haustens kulturprogram er også eit samarbeid med Den Kulturelle skolesekken i Hordaland.

Alle bør nytte høvet til å oppleve gleda båten sprer på sin ferd gjennom fylket vårt.

Les meir om bokbåten

11.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart