Bergen-Nordhordland Rutelag A/S vann anbodet på snøggbåtruta Askøy-Bergen

Bergen-Nordhordland Rutelag A/S er tildelt anbodet på snøggbåtruta Askøy-Bergen. Det nye BNR er tildelt løyvet til å driva ruta fram til og med 2014. Driftsstart er sett til 1. april 2005. Det er lagt opp til ei vidareføring av dagens rutetilbod, med same

Fylkestinget har vedteke å leggja snøggbåtrutene i Hordaland ut på anbod. Ruta mellom Nøstet i Bergen og Kleppestø i Askøy er først ute og vart lyst ut med anbodsfrist 15. september i år.

Åtte anbod
Det kom inn i alt 8 anbod på ruta. Dei ulike anboda er no evaluerte ut ifrå fleire kriterium for å koma fram til det økonomiske mest fordelaktige tilbodet. Blant dei aktuelle anboda varierte kravet om årleg tilskot frå omlag 250 000 kr til om lag 3,5 mill. kr.

Alle dei aktuelle driftsopplegga som er tilbydde, er vurderte til å ha ein tilfredsstillande kvalitet. Etter ei samla vurdering av alle kriteria der prisen til slutt vart utslagsgjevande, har fylkesrådmannen vedteke å tildela ruteløyvet til Bergen-Nordhordland Rutelag A/S.

Stanley Hauge

01.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart