Hordaland fylkesutval går inn for at det blir innført Autopass på Osterøybrua. Autopass kan verta innført frå juni neste år og vil gje ei innsparing på om lag ni millionar kroner fram til brua er nedbetalt i 2013.
Utvalet går inn for at bussar i rute ikkje skal betale bompengar. Vidare er det forslag om at betalingsfristen for enkeltpasseringar blir 30 dagar.
Fylkesutvalet går også inn for at takstsystemet vert ein del endra som følgje av overgang til Autopass. Passasjerbetaling og betaling for motorsyklar fell bort. Vidare blir det éi og ikkje to takstgrupper for køyretøy over seks meter. Opp til seks meter skal taksten vere 50 kroner, alternativt 30 kroner med rabatt (ved førehandsbetaling av 1200 kroner). For køyretøy over seks meter blir taksten 160 kroner eller 96 kroner med rabatt (førehandsbetaling av 3840 kroner).
Takstane kan verta justert for å sikra at bompengeinntektene held seg på same nivå som i dag.
Endeleg avgjerd i saka er det Vegdirektoratet som gjer.
Stanley Hauge