Autopass på Osterøybrua

Samferdselsutvalet i Hordaland går inn for at det blir innført Autopass på Osterøybrua. Autopass kan bli innført frå juni neste år og vil gje ei innsparing på om lag ni millionar kroner fram til brua er nedbetalt i 2013.


Utvalet går inn for at bussar i rute ikkje skal betale bompengar. Vidare er det forslag om at betalingsfristen for enkeltpasseringar blir 30 dagar.

Takstsystemet blir ein del endra som følgje av overgang til Autopass. Passasjerbetaling og betaling for motorsyklar fell bort. Vidare blir det éi og ikkje to takstgrupper for køyretøy over seks meter. Opp til seks meter skal taksten vere 50 kroner, alternativt 30 kroner med rabatt (ved førehandsbetaling av 1200 kroner). For køyretøy over seks meter blir taksten 160 kroner eller 96 kroner med rabatt (førehandsbetaling av 3840 kroner). Takstane kan bli justert for å sikre at bompengeinntektene held seg på same nivå som i dag.

Saka går vidare til fylkesutvalet 24 og 25. november. Endeleg avgjerd skjer i Vegdirektoratet.

Bjarte Brask Eriksen

14.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart