Auka underskotsdekking, meir til ungdomstiltak og fylkesvegar

Fleirtalet i fylkesutvalet (H, Frp, KrF) vil nytta dei 15,7 mill. kr som fylkeskommunen får i auka inntekter i 2005 som følgje av budsjettforliket i Stortinget til auka underskotsdekking og til styrking av ei rekkje budsjettpostar, hovudsakleg til ungdoms


Inkludert 0,7 mill. kr frå tilleggsløyvingskontoen, vert 16,4 mill. kr føreslege brukt slik:
auka underskotsdekking 9,55 mill. kr
fylkesvegvedlikehald 2,0 mill. kr
ungdomstiltak
læretimar vidaregåande skular 2,0 mill. kr
ungt entreprenørskap 0,5 mill. kr
ungdomskort, redusert pris inntil 10 % 1,5 mill. kr
«heim for ein femtilapp», forsøk 0,2 mill. kr
tilskot Hordaland barne- og ungdomsråd 0,25 mill. kr
auke kulturbudsjettet 0,25 mill. kr
Odda næringshage 0,15 mill. kr

Budsjettforslaget frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti går som tilråding til fylkestinget som skal vedta budsjettet 14.-15. desember. Forslaget er tilrådd med dei åtte røystene til dei tre partia. Dei andre partia i fylkesutvalet fremja eigne forslag, som kvar fekk forslagsstillarane sine røyster.

Vil trekkja KS-utmelding
På vilkår av at Kommunenes sentralforbund (KS) opprettar ei eiga avdeling med fokus på fylkeskommunen/det regionale leddet og på bakgrunn av kontingentreduksjonen på 1 mill.kr, rår fylkesutvalet til å trekkja utmeldinga av KS.

Auka underskotsdekking
I budsjettinnstillinga frå fleirtalet heiter det at Hordaland fylkeskommune no har sjansen til å nedbetala gamle underskot og auka handlefridomen. Dette vil på sikt gi høve til å styrkja satsinga på kjerneområda. Målsetning å fjerne dei oppsamla underskota i 2005. Ved å auka underskotsdekkinga med 9,55 mill. kr i 2005, vil ca. 53,6 mill. kr av opparbeidde underskot verta dekka neste år. Saman med den vedtekne dekkinga på 33,5 mill. kr i 2004-budsjettet, vil heile det oppsamla underskotet (87 mill. kr) vera dekka i 2005.

I budsjettilrådinga frå fleirtalet vert det understreka at det framleis er nødvendig å ha stø økonomisk styring for å sikra handlefridomen som fylkeskommunen no er i ferd med å skaffa seg.

Miljø og næring
I samband med momskompensasjonsoppgjeret som er varslet i revidert nasjonalbudsjett, ønskjer fylkesutvalet å bruka delar av dei evt. auka midlane som her vert tilgjengeleg til å styrkja regional utvikling, spesielt med tanke på prosjekt innan miljø og næring, heiter det i budsjettinnstillinga.
I denne omgang vert det rådd til å tildela 150 000 kr i eingongstilskot til Odda næringshage.

Ungt entreprenørskap
Fylkesutalet ønskjer å stimulera entreprenørskap, og spesielt ungt entreprenørskap. Entreprenørskap er ein sjølvstendig kompetanse som må byggast opp. Fylkesutvalet vil derfor styrkja partnarskapet ungt entreprenørskap med sikte på at ein større del av elever i vidaregåande skule skal kunna tileigna seg gründerkompetanse gjennom bla. ungdomsbedrifter eller valfag i entreprenørskap. I budsjettforslaget er det sett av 0,5 mill. kr til dette.

Fylkesvegvedlikehaldet
Fylkesvegvedlikehaldet har i mange år ikkje vore tilstrekkeleg til å oppretthalda standarden på vegane. Vedlikehaldet vert styrka, og det er ei målsetning å trappa opp fylkesvegvedlikehaldet. I denne omgang er det tilrådd ei styrking på 2 mill. kr i 2005.

Kollektivtrafikken
Styrking av kollektivtrafikken legge H, Frp og KrF opp til skal skje m.a. ved å etablera gode kollektivvanar hjå ungdomen. Det vert sett av 1,5 mill. kr til å redusera prisen på ungdomskortet i tillegg til at kortordninga er utvida til å omfatta reiser med ferjer, båtar og kystbussen. Det er tilrådd 200 000 kr til eit prøveprosjekt med «heim for ein 50-lapp».

Kultur
Fylkestinget har signalisert ei målretting av kulturmidlane mot ungdom, og støttebeløpet til frivillige ungdomsorganisasjonar gjennom Hordaland Barne- og ungdomsråd vert føreslegne auka med 0,25 mill. kr. Kulturbudsjettet er også tilrådd auka med 0,25 mill . kr for tildeling gjennom tilskotspostane utvalet disponerer. Særleg vert kultur/næring som ei framtidsretta og sterkt veksande næringsgrein trekt fram.

Andre enkeltpunkt
Det vert rådd til at fylkestinget skal be om at det vert innhenta informasjon om korleis transportordninga for funksjonshemma (TT) fungerer i andre fylke, og at det deretter vert fremja ei sak om organisering av tenesta. Like eins rår fylkesutvalet til at fylkestinget skal be om ei sak med vurdering av transportkostnadene for uføre i arbeidsmarknadsbedrifter, der ein ser på utsiktene for å betra situasjonen for desse.

Det vert rådd til at Hordaland fylkeskommune skal melda seg ut av hamnesamarbeidet Westlink.

Fylkesutvalet ønskjer å fokusera på Vestlandet som merkevare, og vil sjå på utsikter og vilkår for å utvikla dette.

Heile forslaget til Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti

Andre forslag
Arbeiderpartiet, Sosialistisk venstreparti, Venstre og Senterpartiet fremja alle eigne forslag til endringar i budsjettet i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. Desse forslaga vart det røysta over «pakkevis» og forslaga fekk røystene til forslagsstillarane.
På ein del punkt inneheld desse forslaga påplussingar som heilt eller delvis fell saman med det som er tilrådd av fleirtalet. M.a. føreslår alle tiltaket «Heim for ein 50-lapp», men med noko ulik sum.

Ap forslag
Arbeiderpartiet føreslo endringar på 20,7 mill. kr i høve til budsjettforslaget frå fylkesrådmannen. Summen er finansiert med at ein nyttar dei 15,7 mill.kr som budsjettforliket i Stortinget gjev Hordaland fylkeskommune i auka inntekter i 2005, og 5 mill. kr i innsparing ved at ordninga med fritt skuleval ikkje vert sett i verk og ein dermed ikkje påfører ekstra reisekostnader. Partiet føreslår å auka løyvinga til dei vidaregåande skulane med 10 mill. kr. Ap vil ikkje ha samordning av skulereisekort og ungdomskort, og legg inn 2,5 mill. kr for å vidareføra dagens ordning.
Vidare legg partiet inn 3 mill. kr meir til fylkesvegvedlikehand, 1,15 mill. kr meir til næringsretta tiltak (næringsparkar, rugekasser osb), 1 mill. kr meir til kultur og idrett og 0,5 mill. kr meir til funksjonshemma sine organisasjonar. Andre føreslegne påplussingar er 0,25 mill. kr til Espeværruta, 0,5 mill. kr til honnørrabatt på periodekort for kollektivreisande, 0,5 mill. kr til «Heim for ein 50-lapp», 0,7 mill. kr meir til barne- og ungdomsorganisasjonar og 100 000 kr til Raftohuset.

Heile forslaget til Arbeidarpartiet

SV forslag
Sosialistisk Venstreparti føreslo endringar på ca. 50 mill. kr.
SV føreslo m.a. 4,6 mill. kr meir til kultur og idrett, 17 mill. kr meir til vidaregåande opplæring, 1 mill. kr meir til tannhelsetenesta, 10,8 mill. kr meir til samferdsel, 8,25 mill. kr meir til næringsføremål, og 0,9 mill. kr meir til miljø- og naturføremål.
Den føreslegne auken til vidaregåande opplæring fordeler seg med 12 mill. kr til skulane, 1 mill. kr til undervisningsutstyr, 1 mill. kr til Manger folkehøgskule og 3 mill. kr til vaksenopplæring. Innan samferdsel føreslo SV 3 mill. kr meir til fylkesvegar, 2 mill. kr meir til ferjedrift, 2 mill. kr meir til bilruter og 1,3 mill. kr meir i auka tilskot til båtrute til Espevær.
Innan næringsføremål vil SV nytta 6 mill. kr til påfyll av næringsfond i Hardanger og auka rådveldesummen til næringsføremål med 2 mill. kr.
Innan kultur og idrett vil SV bruka 2 mill. kr til innføring av kulturkort for ungdom.

SV føreslår å kutta overføringa på 15 mill. kr til Hardangerbrua og kutta løyvinga til Hordaland olje og gass (1,1 mill. kr). SV vil også kutta 8 mill. kr i lønsavsetjingane, 4 mill. kr i underskotsdekkinga, redusera låneavdraga med 2 mill. kr og kutta 1 mill. kr i løyvinga til sentralarkivet i fylkesadministrasjonen. Til dekking av dei auka løyvingane nyttar SV også dei 15,7 mill. kr frå budsjettforliket i Stortinget.

Heile forslaget til SV

Venstre forslag
Venstre føreslo endringar på 35 mill. kr finansiert ved dei 15,7 mill. kr frå budsjettforliket og å kutta løyving på 19,3 mill. kr til Hardangerbrua.
Dei 35 mill. kr føreslår Venstre å bruka slik: Auka rammer vidaregåande skule 10 mill. kr. Større inndekking underskot 9,55 mill. kr. Til næringsføremål og vegar i Hardanger 6,95 mill. kr. Vidare slik auke: Fylkesvegvedlikehald 3 mill. kr, kultur 2 mill. kr, redusert pris ungdomskort 1,5 mill. kr, «heim for ein 50-lapp» 0,5 mill. kr, ungt entreprenørskap 0,5 mill. kr og forbetra kollektivtrafikktiltak 1 mill. kr.

Senterparti forslag
Senterpartiet føreslo å bruka dei 15,7 mill. kr i auka inntekter etter budsjettforliket i Stortinget slik: Vegvedlikehald 7 mill. kr, transport funksjonshemma 1 mill. kr, «heim for ein 50-lapp» 0,7 mill. kr, styrkingstiltak for elevar som fell utanfor 3 mill. kr, vaksenopplæring 1 mill. kr, vedlikehald bygningar 2 mill. kr og undervisningsutstyr 1 mill. kr.

Stanley Hauge

25.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart