55.000 kr til kulturvern i Hordaland

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har løyvt 55.000 kroner til regionale kulturvernføremål i haust. Mellom anna får Rallarmuseet på Finse og Stiftelsen Baadehuset på Espevær 15.000 kroner kvar.


Rallarmuseet skal bruke pengane til å gjere ferdig byggesteg 4, dokumentasjonssenter for Bergensbana. Baadehuset i Espevær skal bruke pengane til antikvarisk vedlikehald av huset som var eit administrativt sentrum under sildefisket kring midten av 1800-talet.

Dei andre som får pengar er: Cand. philol. Chr. Knagenhjelm, 5000 kroner til arkeologisk prosjekt, Brynjar Stautland, 10.000 kroner til registrering av gamle filmrullar, Anne Margrete Konow Lund, 5000 kroner til bok om restaureringa av det freda lysthuset ”Sophiesminde" i Bergen og Vestnorsk Kulturakademi på Voss, 5000 kroner til hefte om grindbygging.

Askøy kulturvern og historielag, Stiftelsen Tellevik kystfort og Bergens Sjøfartsmuseum fekk avslag på søknadene sine.

Eli Lothe

03.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart