217.000 kroner til kulturtilstellingar i Hordaland

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har løyvt 217.000 kroner til diverse kulturføremål. Størst løyving får oppføringa av sogespelet ”Kongen frå Etne” neste sommar med 40.000 kroner. Oppføringa i sommar var ein stor suksess.


Dei andre som får pengar er:
1. Bergen Internasjonale Gitarfestival kr 20.000
2. Bergens Kammermusikkforening, fylkeskonsertar kr 20.000
3. Bergen Operakor, turne Romania og Ungarn 0
4. Grom Design, multimedialt læreverk 0
5. ”Hardanger og fjorden”, bokutgjeving Arfo forlag kr 20.000
6. Hannevold/Miller Fagottsymposium, CD-dokumentasjon kr 12.000
7. Harding Puls, utstilling og konsertar Seattle våren 2005 kr 15.000
8. Oktoberdans 2004 kr 20.000
9. Sogespelet ”Kongen frå Etne”, sommaren 2005 kr 40.000
10. Sveio kommune, minneplate ”Thor” kr 15.000
11. Vest-Norges Opera, sommaropera Tosca kr 15.000
12. Kulturnett Vestlandet kr 25.000
13. Bergen Filharmoniske Orkester, turne Haugesund kr 0
14. Lysdans på Ulriken kr 15.000
Totalt kr 217 000

Mindretalet røysta for fylkesrådmannen sitt forslag, som gjekk ut på avslag til Harding Puls, Vest-Norges Opera, sommaropera Tosca og Lysdans på Ulriken, og løyving på 40.000 kroner til Oktoberdans 2004 og 25.000 til Bergen Filharmoniske Orkester, turné Haugesund.

Eli Lothe

06.11.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart