Direkte frå tunnel til bru
Denne rundkøyringa skal fordele trafikken mellom Granvin, Ulvik og brua. Tunnelarmen mot brua skal gå over eksisterande Tjoflåttunnel, og vegen skal direkte over på bru etter tunnelen.
På Bu-sida er det greidd ut fem alternativ for tilførslevegnettet. To av desse er forkasta.
Tilførslevegar på Bu-sida
Første byggsteg for Hardangerbrua er å byggje tilførslevegane på Bu-sida. Utvalet ber fylkesrådmannen i samråd med regionvegsjefen om å leggje fram ei sak om fullfinansiering av tilførslevegane på Bu-sida til fylkestinget i juni i år. Desse tilførslevegane er kostnadsrekna til om lag 380 millionar kroner.
Utvalet vurderer to av variantane som aktuelle. Variant 4 inneber tunnel frå brua rett fram til vegkryss i fjellet med tunnel vidare både til riksveg 7 og 13. Med dette alternativet skal det berre gå lokaltrafikk på Bu-platået.
Variant 2
Det andre alternativet, variant 2, inneber tunnel frå brua mot riksveg 13. Inne i fjellet skal det byggast vegkryss med tunnelarm opp til Bu-platået.
Total kostnad på 1,8 milliardar kroner
Utvalet går inn for at naudsynleg opprusting av vegen på Bu-sida og opprusting av Vallavik-tunnelen ikkje skal leggast inn i prosjektkostnadene for Hardangerbrua. Total kostnad for bru og tilførslevegar blir på rundt 1,8 milliardar kroner.
Vil heller ha utvida ferjetilbod
Sigurd Solberg (RV) fremja forslag om heller å satse på utvida ferjetilbod mellom Bruravik og Brimnes i staden for å byggje bru. Dette er alternativ 1 i konsekvensutgreiinga og omfattar opprusting av eksisterande ferjekaier og to nye ferjekaier med naudsynte tiltak på land, nye ferjer og auka frekvens. Forslaget fekk to røyster (RV og SV) og fall.
Saka går vidare til fylkesutvalet 16. mars.

Bjarte Brask Eriksen