Tilrår vidareføring av eldreveven

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland rår til at det vart arbeidd vidare med sikte på å etablere nettstaden eldreveven og prosjekt eldrepedagogikk som faste tiltak. Målet er at dette kan bli ein nettstad for eldre i heile landet og at staten engasjerer se

Kontakt med universitets- og høgskulemiljø
Utvalet går inn for at det snarast blir teke kontakt med aktuelle universitets- og høgskulemiljø i Hordaland med sikte på at desse tek ansvar for å sikre at tiltaket eller delar av tiltaket vert oppretthalde og utvikla vidare.

Styringsgruppe
I styringsgruppa for prosjektet blir Berit W. Eldøy tilrådd vald som politisk representant og Natacha Vallebona Rivera som vararepresentant.

Starta i FN sitt eldreår
Kulturnett Hordaland ønskte å markere FN sitt eldreår 1999 med eigen møtestad for pensjonistar på nettet. Sidan våren 1999 har "eldreveven" vore Kulturnett Hordaland sin nettstad for eldre. Redaktør for nettstaden har heile tida vore Oddgeir Synnes som også er tilsett som koordinator for prosjekt eldrepedagogikk.
Frå 1. januar 2002 er eldreveven og prosjekt eldrepedagogikk etablert som eit treårig prosjekt i regi av Hordaland fylkeskommune.

Eldre har stort potensiale
Visjonen bak prosjekt eldreveven/eldrepedagogikk var ei overtyding om at eldre menneske rundt om på institusjonar og i samfunnet elles sit inne med kunnskapar, talent og evner som i altfor liten grad vert utnytta av samfunnet. Nyare forsking har synt at eldre har stort potensiale for læring, men at dette i altfor liten grad vert utnytta av samfunnet. Vi står overfor ein situasjon der eit aukande tal av eldre set nye krav til livslang læring, demokratiske rettar m.m.

Eldre fell lett utanfor
I fylkesplan for Hordaland 2001-2004 har ein merka seg dette når ein skriv at innbyggjarar som ikkje har avtalefesta medråderett, til døme eldre, lett fell utanfor i planarbeid og ved etablering og drift av offentleg tenesteyting. I strateginotatet ”Ein fylkeskommune for Hordaland. Regionalpolitiske satsingsområde”, som fylkesutvalet vedtok i juni 2002, heiter det at vi må utvikle eit lærande samfunn som gjer det mogeleg for alle innbyggjarar, livet gjennom, å utvikle kunnskap, ferdighetar og haldningar.

Nyskapande og viktig tiltak
I løpet av perioden har prosjektet eldreveven /eldrepedagogikk utvikla seg til å bli eit nyskapande og viktig tiltak for eldre i Hordaland som og har ringverknader utanfor fylket. Det er eit pionerarbeid i nordisk samanheng, og interessa for arbeidet er stor.

Saka skal opp i fylkesutvalet 1. april

Meir om eldreveven og prosjekt eldrepedagogikk:
http://eldreveven.ivest.no/

http://eldreveven.ivest.no/prosjekt/eldreped.htm

Eli Lothe

11.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart