Tilrår bompengar Os-Bergen

Samferdselsutvalet i Hordaland tilrår å finansiere den nye stamvegen Os-Bergen delvis med bompengar. Bompengar skal dekke halvparten av kostnaden. Den andre halvparten skal staten betale. Veganlegget skal stå ferdig i 2011 med bompengeinnkrevjing til 2026

1,9 milliardar kroner
Stamvegen mellom Bergen og Os skal få ny trase mellom Rådal og Svegatjørn og vil koste om lag 1,9 milliardar kroner. For liten bil vil bompengeavgifta utgjere 19 kroner, med rabattar på 30, 40 og 50 prosent.

Bompengar på tre ferjesamband
Utvalet går inn for at det skal krevjast inn bompengar på dei tre ferjesambanda Halhjem-Sandvikvåg, Våge-Halhjem og Venjaneset-Hattvik i åra 2009 til 2011, dei tre siste åra før vegen opnar for trafikk. Deretter skal det vere etterskotsbompengar på vegen i 15 år etter at den er ferdig.

Byggjeperiode frå 2008 til 2011
Bompengane skal gå til firefelts motorveg Svegatjørn-Rådal, delvis utbygging av Rådalskrysset, bygging av tverrsamband til Lysefjorden, samt opprusting av fylkesvegnettet i Lysefjordområdet. Den vidare planen er at Stortinget skal godkjenne bygging og finansiering hausten 2007. Byggjeperioden vil bli frå 2008 med vegopning i 2011.

Saka går vidare til fylkesutvalet 16. mars og fylkestinget 16.-17. mars.

Bjarte Brask Eriksen

11.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart