
Desse tre musikarane framfører Grieg på Orknøyane. Frå venstre: Kristina Ebberstein, Rhoda Achiend Ondeng og Geir Botnen.
Konsertprogrammet er på vel ein time med musikkinnslag og kommentarar. Dei tre musikarane som utgjer gruppa er Geir Botnen, Kristina Ebberstein og Rhoda Achiend Ondeng.
Svært glad
Ordføraren på Orknøyane, Steven Hagen, er svært glad for musikkgåva og strekar under kor viktig venskapssambandet er: «Eg er svært glad for at fylkeskommunen og folk i Hordaland gjev oss på Orknøyane ei så flott gåve. Med tanke på alt som skal leggjast til rette med eit så omfattande konsertprogram, er gåva ein fantastisk gest og strekar under dei sterke banda vi har med Hordaland. Venskapssambandet har utvikla seg mykje på dei 20 åra, og eg – så vel som folk på Orknøyane – håpar det vil halda fram i same lei.»
10 000 elevar
Griegkonsertane vart først produserte for to år sidan som skulekonsertar her i Hordaland og rundt 10 000 elevar deltok på dei. Ved skulane på Orknøyane har elevane førebudd seg ved å gjera seg kjende med Grieg og musikken hans og er utfordra til å delta i konsertane med danseframføring.
Overraskande tolkingar
Konsertserien er produsert av Kjell Olav Heggstad ved kultur- og idrettsavdelinga i fylkeskommunen. Han seier dette om musikarane og programmet: «Musikarane kjem frå ulike land og kulturar og har høgst ulik bakgrunn for Grieg sin musikk, noko ein må rekna med når den eine (Botnen) er fødd Norheimsund, ein i Knivstad i Sverige (Ebberstein) og ein i Nairobi i Kenya (Ondeng). Desse ulike bakgrunnane kan gje overraskande tolkingar Grieg-musikken.»
Den første konserten på Orknøyane vert halden 9. mars og avslutningskonserten vert halden onsdag 17. mars.
Program for konsertserien
Informasjon om konsertserien på nettsidene til styresmaktene på Orknøyane
Avisa Orcadian på Orknøyane omtalar konsertserien på nettsidene sine
Stanley Hauge