Stor skuleutbygging i Bergen

- I Bergen skal vi innan skulestart i 2008 byggja to nye skular (Olsvik og Sørås). Det vil gje 1230 nye elevplassar. Vi skal på dette tinget vedta ein prioriteringsplan for tilbygg ved skulane. Maktar vi å realisera det som ligg i planen, vil det saman me

Ikkje nok
Men fylkesordføraren la til at sjølv med 2150 nye elevplassar vil det ikkje vere nok.
- Forhåpentlegvis vil nye friskular «hjelpa» oss med å ta unna noko av veksten, sa Selsvold Nyborg.

Stor vekst
Fylkesordføraren viste til at vi står framfor ein periode med stor auke i elevtalet i vidaregåande utdanning.
- Alt komande haust er det nesten 500 fleire 16-18 åringar som skal ha plass enn i 2003. Dei neste fire åra vil talet auka med nesten 2500 til, før veksten flatar ut frå 2009. Flest nye elevplassar treng vi i Bergen og dei næraste områda.

Mange har søkt plass
Heile 17 287 personar har søkt skuleplass komande haust, ein auke på 744 frå i fjor.
- Klassetilbodet som vi har vedteke for komande skuleår omfattar 20 fleire klassar med 227 fleire elevplassar enn i fjor. Det vil seia at vi må få til endå betre oppfylling i klassane enn vi alt har, for å kunna gje tilbod til alle som har krav på det.

Berekraftig skule
Fylkeskommunen har sett i gang arbeid med å evaluera den vidaregåande opplæringa i Hordaland.
- Målet er å bruka informasjon og dokumentasjon om situasjonen i skuleverket vårt til å fremja ein berekraftig skule. Vi ønskjer å få fram korleis det pedagogiske personalet opplever læringsmiljøet på skulen. Samstundes vert det også undersøkt korleis elevane opplever skulen og opplæringa som vert gjeven. Undersøkingane er i gang og skal gjennomførast i løpet av denne månaden. Deretter står grundige analysar for tur. Det skal utarbeidast rapportar både på fylkesnivå og for den einskilde skule, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg mellom anna i talen til fylkestinget.

Les heile talen til fylkesordføraren under opninga av fylkestinget i Rosendal 16. mars 2004

Bjarte Brask Eriksen

16.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart