Konstituert opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld opplyser at ein av hovudårsakene til auken er at det er større kull totalt som er omfatta av ungdomsretten, ein del gjer omval, mens andre kjem tilbake etter eitt eller fleire friår. I tillegg til dette er det ein liten auke av eldre søkjarar med ulike typar rett/ikkje formell opplæringsrett.
Totalt sett til skule-/læreplass har søkjartalet auka med 849 i høve til i fjor. Ut frå prognosetala ser det difor ut til å vere ein liten auke i søknaden til læreplass, noko som var venta.
- Vi understrekar at tala er førebels, og er ikkje kvalitetssikra i høve til om til dømes einskildelevar er kvalifiserte for inntak til VKI/II. Det gjenstår også ein del anna kontrollarbeid. Søkjartala er likevel så sikre at ein ser hovudtrekka i søkinga til dei ulike studieretningane samanlikna med 2003, seier Fjeld.
Søkjartala for den einskilde skule vil bli lagt fram for rektorkollegiet i Hordaland den 25. mars. Deretter blir det fremja sak om eventuelt oppretting/nedlegging /omlegging av klassar for politiske organ. Først skal saka til opplærings- og helseutvalet tysdag 27. april. Torsdag 27. mai skal fylkesutvalet gjere endeleg vedtak.
Slik kommenterer Fjeld søkjartala til dei ulike faga:
Allmenne-, økonomiske- og administrative fag har ein liten auke i søkjartalet samanlikna med i fjor. Ut frå ein auke i årgangstalet frå ungdomsskolen, ser det ut som om desse studieretningane har ein mindre auke i søkjartalet enn årgangstalet skulle tilseie. Det er fleire årsaker til at desse studieretningane dei siste åra reelt sett har hatt reduksjon i søkjartalet. Særleg etter innføringa av to nye populære studieretningar i 2000/2001, medium og kommunikasjon, og sal og service, har primærsøkjartalet til allmenne-, økonomiske- og administrative fag gått ned. Vi gjer likevel merksam på at talmessig er det få elevar i dei to nye studieretningane. Søkjartala er difor svært mykje høgare enn det er plassar. Dette fører til ein reduksjon i primærsøkjartalet til allmenne-, økonomiske- og administrative fag, men fylket sett under eitt er det ikkje så stor nedgang i elevtalet i allmenne-, økonomiske- og administrative fag fordi søkjarar som har medium og kommunikasjon, og sal og service som primærønskje ofte har allmenne-, økonomiske- og administrative fag som sekundærønskje.
Byggfag er den studieretninga som reelt sett har størst auke i søkjartalet samanlikna med 2003. Veksten her er vel 10 prosent og utgjer ca ein tredel av elevveksten i årgangskullet.
Elektrofag har ein svak nedgang i søkjartalet, men ser ein søkjartalet over fleire år er det talmessig svært stabilt søkjartal.
Formgjevingsfag har ein liten auke i søkjartalet, og har hatt dette i fleire år. Vi vil likevel vurdere søkjartalet til denne studieretninga som stabilt.
Helse- og sosialfag har fått ein sterk auke i søkjartalet, og er saman med studieretning byggfag ”vinnaren” dersom ein samanliknar søkjartal og elevtal. Det er fem år sidan at søkjartalet til helse- og sosialfag har vært så stor som i år, etter ein relativt stor nedgang som kuliminerte i 2002.
Hotell- og næringsmiddelfag har hatt ein nedgang i søkjartalet dei siste år, og dette held reelt sett fram også i år. Denne studieretninga tok tidlegare usikre søkjarar frå helse- og sosialfag. Det ser også ut til at det no er færre gutar som søkjer seg til denne studieretninga enn tidlegare. Kanskje dei mange ”fancy” kokkeprogramma på TV ikkje lenger er like attraktive som tidlegare?
Idrettsfag har også reelt sett fått ein liten auke i søkjartalet samanlikna med i fjor. Det meste av den talmessige auken er likevel relatert mot at Sotra vidaregåande skule, avd. Sund, no er i ferd med å byggje opp denne studieretninga etter start i 2003.
Kjemi- og prosessfag fekk ein kraftig auke i søkjartalet i 2002 og 2003. Søkjartalet er no om lag som i fjor.
Musikk/Dans/Drama har ein liten auke i søkjartalet, men jamt over er søkjartala til denne studieretninga svært stabilt kvart år. Det er nok fleire som kan tenkje seg å søkje denne studieretninga, men ungdomane veit at poengkrava for å kome inn, er svært høge, og er realistiske nok til ikkje å søkje.
Mekaniske fag har også i år ein auke i søkjartalet. Noko heng saman med oppretting av fleire klassar i denne studieretninga i fjor, og desse skal no vidare til VKI. Men det er også ein reell auke. På mange måtar har søkjartalet til mekaniske fag hatt same utviklinga som helse- og sosialfag. Etter ein nedgang først på 2000-talet har det vore ein auke dei siste to åra.
Medium- og kommunikasjonsfag har også ein auke i søkjartalet. På same måten som til studieretning musikk/dans/drama er det nok fleire som kunne tenkt seg denne studieretninga dersom ikkje poengkrava for inntak hadde vore som høge som dei er.
Naturbruk har om lag det same søkjartalet som i 2003, og har ikkje lukkast med å få fleire søkjarar sjølv om årgangstalet frå ungdomsskolen har auka med nærare 300.
Sal og service har ein auke i søkjartalet om lag som ein kunne vente fordi årgangstalet frå ungdomsskolen er større.
Tekniske byggfag har hatt eit stabilt søkjartal dei to-tre siste åra. På same måten som naturbruk har det ikkje lukkast denne studieretninga å få fleire søkjarar sjølv om årgangstalet frå ungdomsskule aukar.
Trearbeidsfag er den absolutt minste studieretninga både i høve til søkjartal og elevplassar. I 2003 var søkjartalet til denne studieretninga det minste ein nokon gong har hatt. Denne ”rekorden” blir slått i 2004, sjølv om tilbakegangen berre er to søkjarar (frå 20 til 18).
Tabell over søkinga til dei vidaregåande skulane i Hordaland
Bjarte Brask Eriksen