Ein nyleg utarbeidd rapport syner at reiselivsnæringa i Hordaland står for nær 10 milliardar kroner i omsetnad og sysselset om lag 15 000 årsverk. Rapporten, som er utarbeidd av Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) på oppdrag av Hordaland fylkeskommune
Til samanlikning er 925 personar sysselsette i havbruksnæringa og om lag 3800 i jord- og skogbruk i Hordaland, medan inntekter av fiskeeksport gjev 2.7 milliardar kroner årleg.
1300 årsverk i Sunnhordland
Rapporten gjev tal ned på regionnivå, og seier difor også noko om utviklinga av næringa på eit nivå som ein generelt veit lite om. Bergen forsvarar sin posisjon som Vestlandet sin hovudstad også i reiselivssamanheng med ein omsetnad på 8 milliardar, men også i dei andre regionane er reiselivsnæringa viktig. Til dømes sysselset næringa i Sunnhordland 1300 årsverk og omset for over 600 millionar kroner.
Næring i vekst
Det store tal verksemder som finst, gjer dei til viktige trivselselement i mange lokalsamfunn, og er med på å oppretthalde og styrkje busetnaden i distrikta. Reiselivsnæringa er ei næring i vekst, men er ikkje alltid like godt synleggjort. Fylkeskommunen håper at nokon av materialet som vert presentert i rapporten kan kome til nytte i dei kommunar og regionar som ønskjer å satse på utvikling av reiselivet i sine områder.
Les heile rapporten (pdf-fil)
Anne Hunderi