Plansakene ligg i kø på kontoret til spesialkonsulent Torild Hage i Hordaland fylkeskommune.
I 2002 handsama Hordaland fylkeskommune 1085 plansaker. I fjor auka bunken til 1244.
- Fylkeskommunen har aldri før handsama så mange plansaker på eitt år, opplyser Rødseth, som er leiar av arbeidslaget kommunesamarbeid.
Kommunane samarbeidar med fylkeskommunen om arealplanlegging og innhentar synspunkt frå fylkeskommunen både til kommuneplanane, reguleringsplanane og i dispensasjonar frå vedtekne planar.
For lite tid til rettleiing
Ein av dei som arbeider med plansaker i fylkeskommunen, spesialkonsulent Torild Hage (biletet), opplyser at auken i tal saker har medført at det har blitt mindre tid til å arbeide med kvar sak.
- Dette går ut over andre oppgåver. Vi skulle hatt meir tid til å rettleie kommunane. Auken i plansaker medfører at kommunane går i gang med bygging frå sak til sak, i staden for å tenke heilskapleg. I dag er det først og fremst private reguleringsplanar. Det er den enkelte grunneigar som går i gang og vil regulere eit mindre område for utbygging. Dette set store utfordringar til kommunane om å sjå heilskapen.
Utbygging bit for bit kan øydeleggje
Hage understrekar at utbygging bit for bit kan øydeleggje landskapet.
- Korleis skal vi ta vare på naturen, samstundes som vi skal tilfredsstille behovet for utbygging? Har vi bygd og gjort endringar i landskapet, står det for ettertida, og det er ikkje lett å endre tilbake. Eg er audmjuk for naturen og arealet rundt oss. Kva avtrykk generasjonen vår set på landskapet, er svært viktig for ettertida. Utbygging bit for bit kan øydeleggje. Utfordringa er å få overordna perspektiv og utvikle verktøy som gjer at vi kan følgje med. Vi må heile tida forbetre oss, seier Hage.
God privat økonomi
Auken i tal plansaker er eit teikn på høg byggeaktivitet generelt i Hordaland. Marit Rødseth forklarer dette med god privat økonomi som fører til investering mellom anna i fritidsbustader og naust.
- Folkeveksten i fylket er også ei forklaring. Busetjinga tradisjonelt i Hordaland har vore langs kyststripa med eit landsomfattande bygge- og deleforbod. Forklaringa finst nok også i at kommunane ikkje lenger er pådrivarar for regulering til bustadføremål. Resultatet blir mange små reguleringsplanar frå private einskildutbyggjarar.
Også næringslivet bygger meir.
- Nokon konjunkturnedgang innan næringsretta planar kan ein ikkje finna i tala. ”All time high” er vel ein rettare karakteristikk noko som peikar i retning av eit robust fylke, seier Rødseth.
Flest dispensasjonar i Fjell
Hordaland er kjent for å vera fylket med høgast tal dispensasjonar frå planane.
- Dette kan tolkast i fleire retningar. Ei årsak kan vera ei liberal haldning i kommunane. Nokre kommunar godkjenner ein stor del av søknadane, medan andre kommunar vel å fylgja opp sine eigne planvedtak. Fjell kommune har størst vekst i byggeaktivitet og flest dispensasjonssaker i Hordaland, fortel Marit Rødseth.
Diagram med oversikt over tal dispensasjonssaker i kommunane i Hordaland 2002 og 2003

Bjarte Brask Eriksen