NTP 2006-15: Hordatinget skuffa over samferdsleløyvingar til Vestlandet

Hordaland fylkesting er skuffa over at regjeringa ikkje har funne rom for større løyvingar til samferdsle på Vestlandet. Det er framleis eit stort etterslep i høve til noverande NTP. Fylkestinget kan ikkje sjå at dei innlagde rammene på nokon måte vil lø


Fråsegna, som var eit felles forslag frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti, Fremskrittspartiet, Høgre og Pensjonistpartiet, vart vedteken med dei 47 røystene til desse partia. Dei ti representantane for Sosialistisk venstreparti, Raud Valallianse og Venstre røysta imot fråsegna.

I fråsegna seier Hordaland fylkesting seg glad for at E39 gjennom Romarheimsdalen no ser ut til å få ei løysing. Det er og gledeleg at strekninga Vågsbotn – Hylkje og E16 utanom Voss sentrum vert tilgodesett med løyvingar.

Krev meir til Kyststamvegen
Fylkestinget ser det som svært uheldig at tidlegare lovnader om auka rammer til E39 Kyststamvegen ikkje er fylgd opp. Vi krev difor at Stortinget held fast på tidlegare vedtak om økonomiske rammer og satsing på Kyststamvegen. Ein kan av omsyn til trafikktryggleik og framkome ikkje akseptera at viktige prosjekt på E39 vert utsett.
Hordaland fylkesting viser og til Vestlandsrådet sitt krav om 2 mrd kr frå staten til utvikling av E39 Kyststamvegen i dei fire vestlandsfylka i første bolken i planperioden.
Fylkestinget føreset at staten vil følgja opp lovnaden om løyving til Svegatjørn – Rådal slik at strekningen kan byggjast med delvis bompengefinansiering og med oppstart i første del av planperioden.

Hardangerbrua viktig
Fylkestinget kan ikkje godta at Hardangerbrua ikkje er tatt med i NTP 2006 –2015. Brua er eit regionalknutepunkt og ein viktig lekk i eit indre sør/nord samband gjennom vestlandsfylka, i tillegg til å vera eit aust/vest samband. Fylkestinget vil og peika på at brua vil vera særs viktig for ei framtidig utvikling av kommune-, busetting- og næringsstruktur i indre delar av Hordaland.

Må ta omsyn til fylket sine prioriteringar
Hordaland fylkesting og Hardangerkommunane har i ei årrekkje prioritert Hardangerbrua som det viktigaste riksvegprosjektet i fylket, og har saman med Bergen sett av betydelege midlar til prosjektet. Det er difor vanskeleg å forstå at regjeringa ikkje nemner Hardangerbrua i NTP. Fylkeskommunen er meint å ha ei viktig rolle i samferdslepolitikken, og vi kan ikkje godta at det ikkje vert teke omsyn til fylket sine prioriteringar.

Uheldig rammereduksjon
Fylkestinget ser det som svært uheldig at den samla fylkesfordelte riksvegramma er kraftig redusert i høve til perioden 2002- 2005. Ein vil peika på at planen ikkje gjev signal om ei tilfredstillande løysing på transportproblema i Bergensregionen. Det er ikkje avsett nok midlar til gjennomføring av Bergensprogrammet slik Stortinget tidlegare har gitt lovnad om.
Regionen står framfor store utfordringar på samferdslesektoren, både med omsyn til lokale transportbehov og for å imøtekoma eksportnæringane sine behov. Desse utfordringane kan ikkje ivaretakast med dei midlane som ligg i framlegget.

Stanley Hauge

18.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart