Kvart lokalsamfunn sin eigenart

Også småsamfunna bør ha rett til å vere interessante og utvikle sin eigenart. Dette er tema på tettstadkonferansen som Tettstadforum Hordaland skipar til i Norheimsund 22. og 23. april.

Strandpromenaden i Norheimsund (foto: www.norheimsund.info)

Konferansen har tittelen ”Staden som merkevare – handel – kultur – estetikk” og set søkjelyset på korleis småsamfunna kan utvikle kvalitetar og attraksjonar som kan vere interessante for folk som skal busetje seg.

Mange gode døme
Ei positiv utvikling av den enkelte staden er ofte resultat av god planlegging og innsatsen til ressurspersonar i lokalsamfunnet. Det finst ein god del døme på dette rundt om i landet. Ein del av desse blir vist på konferansen, mellom anna det kjende Norveg-prosjektet i Rørvik der næring, kultur og kommunen spelar på lag. Designar Linda Lien skal vise korleis den visuelle identiteten blir brukt som verkemiddel i omstillingsarbeidet i Vaksdal. Felles for prosjekta på konferansen er at dei har blitt til ved ein prosess som kan vere til inspirasjon for andre som arbeider med liknande problemstillingar.

Interessant utvikling i Norheimsund
Norheimsund er vald som konferansestad fordi staden står midt i gjennomføringa av fleire interessante tiltak. Ny sjøfront med promenade og båthamn, og miljøgata ”Nye Grova”. Fleire tiltak står for tur, mellom anna nytt kulturhus. Kulturattraksjonar som Fartøyvernssenteret, Trebåtfestivalen og Hardingtonar er også med på å styrke profilen til Norheimsund.

Tettstadsforum Hordaland
Tettstadsforum Hordaland er ein arena som blir drive av Arbeidslag for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland fylkeskommune. Det er ein møteplass for utveksling av informasjon og inspirasjon for å utvikle livskraftige tettstadar i fylket. Det er planlagt ein til to slike større konferansar årleg, pluss ein del mindre kurs, seminar, studiereiser osv.

Samarbeid om enkeltprosjekt
Tettstadsforum er framhald av Forum for tettstadsforming, estetikk og byggjeskikk, som vart drive av Hordaland fylkeskommune på 1990-talet. Det vart då følgt opp enkelte tettstadsprosjekt rundt i fylket fagleg og økonomisk med dei verkemidlane som har stått til rådvelde. Dette ønskjer fylkeskommunen å halde fram med.

Nasjonal satsing
Arbeidet med Tettstadsforum er ein del av ei nasjonal satsing i form av samarbeid mellom fleire departement, fylkeskommunar og kommunar. Ein viktig del av arbeidet er å stimulere til godt samarbeid og nettverk innan og mellom kommunane, slik at satsinga blir integrert med lokale og regionale tiltak for næringsutvikling.

Målgruppe
Målgruppe for konferansen er kommunane, næringsdrivande, regionråda, statlege og regionale organ, fagpersonar, frivillege organisasjonar og lag, og enkeltpersonar som er engasjerte i temaet.

Konferansestad
Konferansen går av stabelen på Sandven Hotel, Norheimsund. Konferansen startar torsdag 22. april klokka 11.00 (registerering, kafi og frukt frå klokka 10.30) og blir avslutta fredag 23. april klokka 14.00.

Nærmare opplysingar og program (pdf-fil)

Påmelding:
Påmeldingsfrist 2. april for dei som skal ha overnatting, 15. april for andre

Last ned påmeldingsskjema

Påmeldingsskjema kan sendast til:
Hordaland fylkeskommune
Arbeidslag for lokalsamfunnsutvikling
PB 7900
5020 Bergen
Fax: 55 23 93 19

eller send utfylt skjema til Jorun-Seim.Tennebekk (tel. 55 23 93 06)

Nærmare opplysingar:
Fagleg ansvarleg Kari Øvsthus, epost Kari.Ovsthus@post.hfk.no
eller telefon 55 23 92 94

Bjarte Brask Eriksen 31.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart