Film og nettstad skal vise vegen til ABM-kjeldene

Ein ny kortfilm og nettstad skal gjere det lettare å finne informasjon i arkiv, bibliotek og museum (ABM). Kulturnett Hordaland, med Synnøve Gjermundnes, har stått i spissen for prosjektet. På ”http://abm.ivest.no/” finn du all informasjon og kan sjå kort

Dei som har vore med på prosjektet er Mona Nielsen, Bergen Byarkiv (f.v.), Åsta Vadset, Bergen Byarkiv, Silje Haugen, Fyllingsdalen videregående skole, Thorunn Lunde, Norsk trikotasjemuseum og Tekstilsenter, Synnøve Gjermundnes, Hordaland fylkeskommune (prosjektleiar), Line Haukeland Hansen, Fyllingsdalen videregående skole, Eli Lothe, Hordaland fylkeskommune og Katrine Heggstad - Høgskolen i Bergen (manus og regi). Birgitte Røe (Fyllingsdalen videregående skole) og Turid B. Hitland (HiB/biblioteket) var ikkje til stades då biletet vart teke.

Etter at det tekniske med utbygginga av breiband kom på plass i Hordaland fylkeskommune, starta arbeidet med å bruke dette til å fylle nettet med innhald. Gjermundnes fekk ideen om å lage ein nettstad som vegvisar til ABM-kjeldene og ein film som viser korleis tre elevar nyttar desse kjeldene til å finne informasjon.

Hjelp til å søkje informasjon
- Nettstaden og filmen skal vere til hjelp for dei som skal søkje informasjon i arkiv, bibliotek og museum. Korleis dette fungerer ønskjer vi no å prøve ut i ein del vidaregåande skular, fortel Gjermundnes.
Prosjektet med nettstaden og filmen starta i desember 2002 etter at Norges Forskningsråd/HØYKOM gav 250.000 kroner i støtte. Kulturavdelinga, fylkesarkivet og fylkesbiblioteket plussa på slik at prosjektet kunne gjennomførast for ein halv million kroner.

Arbeidskonflikt i Salhus
På nettstaden får ein hjelp til å leite etter informasjon i arkiv, bibliotek og museum. Her er det mykje informasjon og lenkjer vidare til relevante nettstader. Den 13 minutt korte filmen viser eit konkrete døme der tre elevar i den vidaregåande skulen skal skrive ei oppgåve om temaet ”arbeidskonflikt – streik og lockout”. På biblioteket får dei tips om ein arbeidskonflikt ved Salhus Trikotagefabrik i 1920-åra og set i gang med å søkje etter informasjon om konflikten.

Mykje informasjon er ikkje på nett
På internett kan ein søkje seg fram til mykje informasjon, men Gjermundnes understrekar at det finst mykje informasjon som ikkje er på nett. Dei tre elevane i filmen oppsøker difor både Bergen Byarkiv og Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter i Salhus som har informasjon om konflikten. Ved bruk av internett, arkiv, bibliotek og museum har dei til slutt informasjonen dei treng for å skrive oppgåva.

Skodespelarar frå Fyllingsdalen videregående skole
Filmen er laga ved hjelp av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen. Dei tre elevane er spela av elevar ved Fyllingsdalen videregående skole. Nettstaden er laga i samarbeid mellom Gjermundnes og Eli Lothe i Hordaland fylkeskommune.
Prosjektet blir sluttført i desember 2004 når den endelege rapporten er ferdig.

Nettstaden vegen til ABM-kjeldene

Bjarte Brask Eriksen

08.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart