
Under overrekkinga roste rektor dei frammøtte tilsette og elevar for innsatsen dei har gjort for miljøet ved skulen.
- Det er dykkar forteneste at vi har fått dette til. At kvar enkelt har bidrege, er med på å skape resultatet.
Betre fysisk og psykisk miljø
Rektor ser samanhengen mellom at skulen i fjor vart ein av 20 bonusskular i landet og at den no er best på miljø.
- Vi har klart å betre både det fysiske og det psykiske miljøet ved skulen. Ei gransking syner at elevane trivst svært godt. Vi skal gjennomføre ei tilsvarande gransking hos lærarane.
Rektor la til at elevane viser svært gode prestasjonar og at han er stolt over karakterane.
- Vi er på god veg mot det som står i formålsparagrafen til skulen: Ein god plass å vere og ein god plass å lære, sa rektor.
Smilefjes og pizza til beste klasse
Rektor understrekar at elevane sjølv gjer ein svært viktig jobb for at skulen skal vere ryddig. Skulen har fått avfallssortering. I alle klasserom er det eigne behaldarar for ulike typar avfall. Kvar dag sjekkar reinhaldspersonalet tilstanden i klasserommet og utdelar smilefjes på tavla eller eit misnøgd fjes om klasserommet ikkje ser ut som det skal.
- Vi premierer dei klassane som har flest smilefjes med pizza i kantinen, opplyser rektor. Dermed er det gått konkurranse i det å ha det flottaste klasserommet.
Grøne planter i klasseromma
For å betre inneklimaet er klasseromma blitt oppgradert. Mellom anna har dei fått nye golvfliser for at romma skal bli lysare og for at dei skal bruke mindre straum. Klasseromma har og fått grøne planter.
Skulen er røykfri og det er innført eigne røykjesoner ute. Papirbruken og energibruken er gått ned. I bygningen er det innført vassboren varme. Vassmålar er installert og skulen reknar med å spare 80.000 kroner årleg berre på det.
Dette er vegen å gå
Roald Stenseide (Frp), leiar av opplærings- og helseutvalet, meiner Askøy vidaregåande skule er eit svært godt val som miljøfyrtårn.
- Hordaland fylkeskommune har i mange år arbeidet for å betre miljøet. Eg håpar at vi kan få fleire miljøfyrtårn. Vi trur at dette er vegen å gå for å få god miljøsatsing i kvardagen, sa Steinseide i helsingstalen.
Kan overførast til andre skular
Økonomi- og driftssjef Inger Tønder ved opplæringsavdelinga, var tidlegare tilsett ved skulen.
- Med sertifiseringa som miljøfyrtårn har de fått prov på at skulen er bra. Eg er mest imponert over at de har fått orden i klasseromma. Det kan lett overførast til andre skular, sa Tønder i helsingstalen.
Fri for hærverk og tagging
Askøy vidaregåande skule har 600 elevar, 70 lærarar og totalt 90 tilsette. Skulen er fri for hærverk og tagging.
Sjå bilete frå den miljøvenlege Askøy vidaregåande skule
Les meir om miljøfyrtårn
Bjarte Brask Eriksen