Åsane gymnas toppar lista for skuletilbygg

Fylkesutval rår fylkestinget til mellombels å godkjenna ein prioriteringsplan for tilbygg ved dei vidaregåande skulane i Hordaland med Åsane gymnas på topp. På andreplass er tilbygg ved Knarvik vidaregåande skule ført opp, på tredje Bergen Handelsgymnasiu

I tilrådinga til fylkestinget seier fylkesutvalet også at dersom tilhøva tilseier det vert følgjande prosjekt løyste: Tanks videregående skole i Bergen og Fiskarfagskolen i Austevoll.
Fylkestinget skal handsama saka 16.-17. mars på tinget i Rosendal.
I sakutgreiinga er kostnadene med dei fire prioriterte tilbygga ført opp slik: Åsane gymnas 44 mill. kr, Knarvik vidaregåande skule 48 mill. kr, Bergen handelsgymnasium 55 mill. kr og Årstad vidaregående skole 55 mill. kr.

Stor auke i elevtalet
Hordaland får ein stor vekst i talet på 16-18-åringar dei komande 4-5 åra. Samanlikna med 2003 vert auka på vel 2900 i 2008, og veksten vert særleg stor i Bergen med omland.
I vurderinga har fylkesrådmannen lagt vekt på tiltak som kan auke talet på elevplassar. Det er også lagt vekt på å få erstatning for umoderne bygg og for leigebygg. Tilbygg ved samanslåtte skolar er det også teke omsyn til.
Olsvikåsen videregående skole (nybygg 2006) og Sørås videregående skole (nybygg 2007) vil gi om lag 1 230 nye elevplassar. Tilbygga som vert føreslegne bygde vil gje 420 nye elevplassar, og realisering av nye lokale for Tanks videregående skole vil gje ytterlegare 200 nye plassar.
Ved mindre ombyggingar på ein del skular kan vi rekne med auka kapasitet på til saman 300 elevplassar. Det vil også vere mogleg å vinne elevplassar ved å fylle opp klassane enno meir. Ved at noen klassar/grupper startar og sluttar seinere på dagen enn dei andre elevane, vil elevtalskapasiteten kunne aukast, heiter det i saksutgreiinga.
I tillegg reknar fylkesrådmannen med at eventuelle nye friskolar vil dekkje delar av elevtalsveksten.

Åsane gymnas
Åsane gymnas kan ta imot om lag 220 nye elevar som utgjer om lag halve elevveksten i Region nord i Bergen i perioden 2003 – 2012. Dette krev eit tilbygg på om lag 2 000 m2 som vil koste om lag 44 mill kr. Denne løysinga gir mange nye elevplassar for pengane.

Knarvik vidaregåande skule
Tilbygg ved Knarvik vidaregåande skule har si grunngjeving i erstatning av dårlege lokale (brakker). Det er også lagt vekt på å skaffe plass til klassar som i dag held til i leigebygg i Knarvik senter. Det er viktig å få samla elevar frå ulike studieretningar, slik at dei kan skape eit felles elevmiljø på skolen. I tillegg er det lagt vekt på at skulen er slått saman frå 1. august 2003. På sikt må det vere eit mål å få samla heile skulen på Juvikstølen der fylkeskommunen har ledig tomt, heiter det i saksutgreiinga.

Bergen handelsgymnasium
Bergen handelsgymnasium har trong for nybygg som må innehalde store undervisningsrom og mindre grupperom som vil gi skulen betre grunnlag å for nytte moderne pedagogikk i undervisninga. Skulen manglar elevkantine, som er viktig for det sosiale miljøet. Bergen handelsgymnasium har heller ikkje tilfredstillande arbeidsplassar for lærarane. Nybygget vil gi skulen tidsmessige lokale for mange år fram i tid. Det er rekna med at tilbygget vil gi om lag 100 nye elevplassar.

Årstad videregående skole
Årstad videregående skole vart slått saman i august 2003. Skulen treng mellombygg som kan binde bygningane saman og skape ein felles kultur. I tilbygget må det vere plass til administrasjonen, kantine, bibliotek, arbeidsplassar til lærarane og erstatning for leigeareal. Skulen har ledig kapasitet i verkstadene. Dersom skulen kan få fleire teorirom vil klassetalet kunne aukast noko. Det er trong for elevplassar i yrkesfag.

Tanks videregående skole
Tanks videregående skole treng erstatning for umoderne lokale. Tilbygget som er tenkt vil kunne auke talet på elevplassar med 200.

Fiskarfagskulen
Fiskarfagskulen i Austevoll har det svært trongt og treng tilbygg. Skulen treng eit tilbygg på om lag 700 m2 og eit sjøhus som er eit enklare bygg. Alternativ til tilbygg kan vere å overta Austevoll Havbrukstasjon sitt administrasjonsbygg.

Stanley Hauge

01.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart