44,7 millionar kroner i underskot

Hordaland fylkeskommune fekk eit underskot i fjor på 44,7 millionar kroner. Underskotet i 2002 var 42,1 millionar, slik at det akkumulerte underskotet ved årsskiftet kom opp i 86,8 millionar. -Det er eit svært svakt resultat. Før sluttresultatet er det de


Barnevern og rusomsorg
- Størstedelen av underskotet kjem av overskridingar i barnevernet og rusomsorga. Underskotet i desse to sektorane vart på over 60 mill. kr. For 2004 ser det lysare ut, sjølv om det ennå er tidleg på året, og mykje kan framleis endre totalbiletet, sa fylkesrådmannen.

God økonomistyring i skulane
Fylkesrådmannen understrekte at dei vidaregående skulane har vist god økonomistyring også i 2003, og samla sett gjekk skulane i balanse.
- Underskotet i opplæringssektoren i 2003 på 14,5 mill. kr skreiv seg frå meirutgifter til lærlingetilskudd og spesialundervisning. Det avgjerande er at vi no får kontroll med økonomien og unngår nye rekneskapsunderskot. Samtundes skal dei gamle underskota dekkast inn.

Inndekking av underskot
I saker til dette fylkestinget er det føreslege å auke inndekkinga av underskot med 19,5 mill. kr til i alt om lag 33,5 mill. kr.

- Det gjenstår etter dette knapt 9 mill. kr av underskotet frå 2002. Denne resten må dekkast inn i 2005 samtundes som vi må byrje å dekke inn delar av 2003-underskotet. Eg meiner høve til å unngå rekneskapsunderskot i år er monaleg betre enn i 2003. Det har samanheng med at staten har overteke sektorane som førte til det monalege underskotet i 2003, barnevernet og rusomsorga, og at resten av verksemda og truleg vil vere i stand til å halde seg innanfor budsjettet, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen.

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av fylkestinget i Rosendal 16. mars 2004.

Bjarte Brask Eriksen

16.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart