20.000 kroner til kollektivtrafikkens dag

Samferdselsutvalet i Hordaland rår til å løyve 20.000 kroner til kollektivtrafikkens dag 2004. Arrangementet går av stabelen på Torgallmenningen i Bergen laurdag 19. juni.

Eit forslag om å auke løyvinga til 30.000 kroner, fekk berre dei tre røystene til forslagsstillarane Liv Glasser (SV), Sigurd Solberg (RV) og Sigrid Brattabø Handegard (Sp) og fall. Derimot tilrår utvalet forslaget frå dei same tre om å lage ein stand i samarbeid med rådet for funksjonshemma i Hordaland. Dette vart tilrådd mot fire røyster (Frp og Trond Hjelmeland, A). Føremålet med standen er å vise funksjonshemma sine problem og moglegheiter i kollektivtrafikken.

Saka går vidare til fylkesutvalet 1. april.

Bjarte Brask Eriksen

13.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart