– Usikker framtid for viktige prosjekt på E39 Kyststamvegen

- Stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan 2006 – 2015 inneber at regjeringa på ny utset viktige utbyggingsprosjekt på E39 Kyststamvegen – landets viktigaste næringsveg. I perioden 2006-2009 legg regjeringa opp til oppstart av Kvivsvegen mellom Nordfjo

Må stå fast på tidlegare vedtak
Vestlandsrådet, som er det felles politiske organ for dei fire fylkeskommunane på Vestlandet, har stilt krav om at Stortinget må stå fast på tidlegare vedtak om økonomiske rammer og satsing på E39 Kyststamvegen. - Vi kan ikkje akseptere utsetting av fleire viktige prosjekt på denne stamvegstrekninga. Vestlandsrådet krev derfor 2 milliardar kroner frå staten til utvikling av E39 Kyststamvegen i dei fire fylka i første fireårsperioden 2006-2009. For heile tiårsperioden 2006-2015 legg Vestlandrådet til grunn ei samla statleg satsing på 5 mrd.kr. Vestlendingane skal som før betale minst like mykje i bompengar for å få opp standarden på stamvegen, seier Torill Selsvold Nyborg. Ho er og fylkesordførar i Hordaland og representerar Kristeleg Folkeparti.

Svært uheldig
Vestlandsrådet prioriterar Kyststamvegen, men det er viktig å få Stortinget til å gjere vedtak om at auka satsing på stamvegnettet må komme gjennom auka rammer, og ikkje ved omfor- deling av midlar frå det øvrige riksvegnettet slik det er lagt opp til i stortingsmeldinga. Leiaren i Vestlandsrådet ser det som svært uheldig at den samla fylkesfordelte riksvegramma til dei fire vestlandsfylka for fireårsperioden 2006-2009 er kraftig redusert i høve til perioden 2002-2005.

For lite både til storbyane og distrikta
I Stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan satsar regjeringa på storstilt utbygging av fire felts vegar på Austlandet. Leiaren i Vestlandsrådet vil peike på at Vestlandet også har høgtrafikkerte vegsamband i tett befolka området. Regjeringa si prioritering vil dei næraste åra ikkje sikre nødvendig framkome og tryggleik på innfartsårane og vegsambandet mellom dei to storbyane i vest, Bergen og Stavanger.

Halvparten av den 1000 kilometer lange vegen frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord har ikkje det vegstyresmaktene kallar tilfredsstillande standard. Eit lyspunkt er at bygging av Kvivsvegen mellom Sunnmøre og Nordfjord har fått plass i planen. Det er likevel fleire andre prosjekt som er nødvendig å få på plass for å sikre tilfredstillande framkomst på E39 vidare nord for Bergen.

Torill Selsvold Nyborg peikar på at det i gjeldande Nasjonal Transportplan 2001 – 2011 er lagt opp til ei offensiv satsing på Kyststamvegen. Men dette er ikkje følgt opp i dei årlege budsjetta. – No går regjeringa inn for ei redusert satsing i høve til det Stortinget tidlegare har lagt opp til.

Vestlandet – eit skattkammer
Nesten halvparten av eksportverdien av tradisjonelle varer skjer i regionen som soknar til E39 Kyststamvegen. I tillegg kjem olje og gass. - Vestlandet er nasjonen sitt skattkammer. Men skal vi halde aktiviteten oppe på eit høgt nivå, må vi ha gode kommunikasjonar. E39 Kyststamvegen er ein føresetnad for ei utvikling på Vestlandet prega av auka verdiskaping og sysselsetting, meir kostnadseffektive offentlege tenester og betre velferd for alle dei 1,2 million menneska som bur i landsdelen. Dette er eg sikker på at politikarane på Stortinget vil forstå, seier leiaren i Vestlandsrådet, Torill Selsvold Nyborg.

Stortingsmeldinga går no til samferdslekomiteen og skal drøftast i Stortinget før ferien.

Stanley Hauge

12.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart