– Hordaland står på vidare for å få Hardangerbrua med i NTP 2006-15

Vi er skuffa over at Hardangerbrua ikkje er komen med i Nasjonal transportplan 2006-2015 (St. meld. nr. 24 (2003-04)). Brua er eit så godt og viktig prosjekt at den absolutt høyrer heime på den førande langtidsplanen for samferdselsutbygging i Noreg. I Ho

Godt og viktig prosjekt
Hardangerbrua er eit godt og viktig prosjekt for sambandet vest-aust. Og det same for sambandet mellom store deler av Hordaland og Sør-Austlandet og Sørlandet (nord-sør-sambandet). Like eins er Hardangerbrua viktig for å gje indre delar av Hordaland ny vekst gjennom betre kommunikasjonar.

Det må også leggjast stor vekt på at kommunane og innbyggjarane i området som soknar til brua, og andre brukarar, er villege til å betala for å få bygd Hardangerbrua fordi dei ser dette som eit prosjekt dei vil få stor nytte av, seier fylkesvaraordførar Nilsen.

Lokal innsats
Han trekkjer fram at finansieringa av brua i stor grad skal skje ved lokal innsats i form av tilskot frå kommunar, Hordaland fylkeskommune (konsesjonskraftmidlar) og bompengebetaling. Statlege tilskot vil vera relativt beskjedne.

Fylkesutvalet skal tysdag 16. mars handsama konsekvensutgreiinga for Hardangerbrua. Det vert starten på fornya innsats for å få brua med i Nasjonal transportplan 2006-15, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.

Stanley Hauge

12.03.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart