Vidaregåande skular i Hordaland tente 6,6 mill. kr på oppdragsverksemd

Oppdragsverksemda ved dei vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune kom i 2003 ut med eit overskot på 6,6 mill. kr, ein auke på nesten 5,5 mill. kr i høve til 2002. Samla omsetnad i fjor var 31,8 mill. kr, ca. 100 000 kr meir enn i 2002, går det fr


Overskotet frå oppdragsverksemda gjer skulane i stand til å løysa nokre påtrengjande behov for vedlikehald og fornying av inventar og utstyr.

Talet på skular som driv oppdragsverksemd har gått ned dei seinare åra. I 2001 dreiv 2/3 av skulane slik verksemd, året etter 45 %. I 2003 var det 20 skular, eller 43 %, som hadde oppdragsverksemd.

Hovudårsaka til at skular ikkje lenger driv med oppdragsverksemd er at det ikkje er marknad for kursa dei kan tilby. Nokre skular seiar at etterspurnaden i marknaden har endra seg, mellom anna ønskjer fleire kurshaldarar kurs på dagtid. For mange skular er det eit problem då romkapasiteten ved skulane er nytta fullt ut, heiter det i rapporten om aktiviteten i 2003.

Fleire skular seier også at dei ikkje har prioritert arbeidet med oppdragsverksemd, men konsentrert seg om den vanlege skuledrifta. Det vert sagt frå fleire at realkompetansereforma har ført til at skulane ikkje har førespurnad om kurs. Det er meir naturleg å vende seg til realkompetansesentra.

Stanley Hauge

03.05.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart