Stian Espevoll, elev ved Sotra vidaregåande skule, vann slagordkonkurransen om ungdom, arbeid og skatt. I premie fekk han ein mobiltelefon til nærmare 4000 kroner og kontantkort. Kemneren i Fjell kommune, Sissel Ekerhovd, delte ut premien under ei tilste

Ein smilande vinnar, Stian Espevoll, men ny mobiltelefon overrekt av kemner i Fjell kommune, Sissel Ekerhovd. På kaka står vinnarslagordet ”Ungdom, arbeid, skatt og penger – sikker økonomi er det man trenger”.
Oppmode ungdom om ikkje å arbeide svart
”Skoleaksjonen ungdom, arbeid og skatt” har i seks år hatt konkurranse på utdanningsmessene i Hordaland der ungdom skal svare på nokre spørsmål og lage eit slagord som oppmodar ungdom om ikkje å arbeide svart. Den 18 år gamle eleven ved Sotra vidaregåande skule vann med slagordet ”Ungdom, arbeid, skatt og penger – sikker økonomi er det man trenger”. Juryen uttalar at vinnaren gjennom slagordet har oppfatta formålet til aksjonen.
”Har eg ikkje betalt skatten min?”
Premieutdelinga skjedde i kantina på skulen. Heile klassen deltok i feiringa, men visste ingenting på førehand.
- Har eg ikkje betalt skatten min? spurde den undrande vinnaren då Inge B. Jonassen ved fylkesskattekontoret presenterte skoleaksjonen og formålet, men smilet og jubelen kom fram då kemneren i Fjell fortalte at Stian Espevoll hadde vunne slagordkonkurransen og skulle få den flotte mobiltelefonen i premie.
”Alle må betale skatt likt”
Bak skoleaksjonen står likningskontora i Hordaland, kemneren i Bergen, kommunekasserarlaget, skattefuten i Bergen og fylkesskattekontoret i Hordaland.
2. premie gjekk til Margrete Bjørnås (18) ved Arna gymnas for slagordet ”For ting skal bli rettferdig på sikt, må alle betale skatt likt”.
3. premie fekk Anita Gausvik (15) ved Husnes ungdomsskule for ”Skatt betyr mykje penger, men fordelene har du i mengder”. Dei fekk ryggsekk og kontantkort til mobil i premie.
Bjarte Brask Eriksen