Ole G. Fredheim ny sjef for fagopplæringa

Ole G. Fredheim, Straume, er tilsett som sjef for seksjonen for fagopplæring ved Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Fredheim er 56 år og er utdanna innan elektrofaget. Han har m.a. vore lærar ved Sotra vidaregåande skule i sju år og har også langvarig røynsle frå arbeid i ulike elektroverksemder.

Fredheim var ordførar i Fjell kommune i perioden 1992-2003. Han har ei omfattande og variert røynsle frå organisasjons- og opplæringsverksemd.

I dag er Fredheim tilsett ved BKK si informasjonsavdeling.

Stanley Hauge

19.05.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart