Hordaland positiv til forsering av Kyststamvegen

Fylkesutvalet i Hordaland rår til at fylkestinget skal slutta opp om den forserte satsinga på E39 Kyststamvegen som det vert lagt opp til i Vest 39, den samla finansieringsplanen som Vestlandsrådet har lansert. Fylkestinget skal koma med si høyringsfråse


Fylkesutvalet ser på Vest39 som eit nødvendig og viktig initiativ for den vidare utviklinga av E39 Kyststamvegen i vestlandsfylka. Fylkesutvalet stiller seg bak opplegget for fordeling av statlege midlar på stamvegstrekninga i Vest39.
Fylkesutvalet vil vise til behovet for lokal forankring av eventuell lokal delfinansiering før det samla finansieringsopplegget i Vest39 vert slutthandsama.

Fylkesutvalet legg til grunn at Hordaland fylkeskommune på nytt skal prioritere prosjekt på E39 Kyststamvegen i Hordaland med grunnlag i høyringsfråsegner frå aktuelle fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar. Det samla opplegget i Vest39 vert lagt fram for Vestlandsrådet til endeleg handsaming.
Fylkesutvalet ønskjer at det i samband med utbygging av Vest 39 skal sikrast trygge gang- og sykkelvegar. (Dette punktet vart vedteke etter forslag frå Mette Holmefjord Olsen (SV).)

Stanley Hauge

28.05.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart