Første store trafikkdag på Stord

- Dette er eit heilt fantastisk bra arrangement. Heile skulen er med, seier Kjell Madsen (biletet), elev ved Stord yrkesskule og tekniske fagskule, om trafikktryggleiksdagen. Dette er første gongen eit større arrangement om trafikktryggleik vart skipa til

- Vi har freista å lage til ein jordnær trafikkdag utan spektakulære innslag for å skape forståing og ikkje skremsel, fortel prosjektkoordinator og faglærar i trafikk, Per Ove Husevik. Gjennom fire forskjellige stands fekk lærarar og elevar oppleve kva som er viktig for å kunne ferdast trygt i trafikken.
Trafikkdagen vart skipa til i samarbeid med Statens vegvesen, Røde Kors/Ambulansetenesta, Stord brannvesen og Stord lensmannskontor som alle hadde stands.

Ubehagelege Velte-Petter
Standen til vegvesenet var svært populær. Her fekk elevar og lærarar prøve seg i å teste reaksjonsevna i ein køyresimulator, korleis det er å krasje i ein fart av rundt 10 kilometer i timen og kor vanskeleg det er å kome seg ut av ein bil som er hamna på hovudet.
- Det var ubehageleg. Det gjekk greit å kome seg laus og ut, men eg hadde litt problem med døra, seier lærar Dag Rimmereid etter å ha krabba ut av ”Velte-Petter” som vegvesenet har døypt bilen som kan snurre rundt.
- Dette var heilt forferdeleg. Eg visste ikkje kva som var bak, fram, opp eller ned. Eg vil ikkje gjere dette ein gong til, seier elev Kjell Madsen etter å ha snurra rundt nokre gonger med bilen før den stoppa med hjula i veret.

Førstehjelp og sløkking av bilbrann
På standen til Røde Kors/Ambulansetenesta fekk deltakarane lære førstehjelp og at dei første minutta etter ei ulukke er viktige. Brannvesenet viste korleis ein bilbrann skal sløkkast, og politiet snakka om arbeidet dei gjer.
For at elevane skulle skjønne alvoret av fart, fekk dei demonstrert korleis det går med ein bil som kolliderer i 40 kilometer i timen.
- Det skjer dødsfall i kollisjonar i så låg fart, opplyser Husevik.

Minnemarkering
Trafikkdagen vart avslutta med minnemarkering for dei 11 som omkom i trafikkulukker på Stord og omegnskommunar dei siste fem åra.
- 45 prosent av dei drepte i trafikken er mellom 15 og 24 år, og 75 prosent av desse er gutar. Dei er målet vårt med trafikkdagen, seier Husevik.

Presentere for andre skular
Stord yrkesskule og teknisk fagskule tek sikte på å skipe til liknande trafikkdag annankvart år, men dei håpar og at opplegget er så interessant at andre skular kan skipe til liknande dagar.
- Vi ville ha eit så grundig opplegg at det var ikkje plass til elevar frå andre skular på arrangementet vårt. Men vi skal presentere opplegget vårt for andre skular og håpar det er interessant for dei, seier Husebø som håpar at Stord vidaregåande skule kan skipe til trafikkdag dei åra yrkesskulen ikkje har slikt arrangement, slik at det blir ein årleg trafikkdag på Stord.

Sjå bilete frå trafikkdagen på Stord

Bjarte Brask Eriksen

10.05.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart