Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke å løyva 250 000 kr i tilskot til Osterøy ferjeselskap AS til drifta av sambandet Breistein-Valestrand i perioden 1. mai – 11. juni. Fylkesutvalet legg til grunn at sambandet vert drive utan offentlege midlar etter 11.
Fylkesutvalet avslo søknaden om etableringstilskot på 750 000 kr som Osterøy ferjeselskap AS har søkt om.
Osterøy ferjeselskap AS har søkt om tilskot til meirkostnader ved drifta i perioden 1. mai – 11. juni. I denne perioden må ein gå inn med innleigd ferjemateriell for å halda kontinuiteten i drifta. Fylkesrådmannen rådde til at fylkeskommunen går inn i eit spleiselag med Statens vegvesen for å dekka budsjetterte meirkostnader på 0,5 mill. kr, der kvar part tek 250 000 kr. Osterøy kommune har vedteke at dei ikkje vil vera med å dekka meirkostnadene. I saksutgreiinga heiter det at fylkesrådmannen har merka seg kommunen si manglande støtte i saka.
Stanley Hauge