Årsmeldinga: Svak rekneskap for Hordaland fylkeskommune i 2003

2003 vart rekneskapsmessig eit svært dårleg år for Hordaland fylkeskommune. Dei raude tala i rekneskapen – 44,7 mill. kr i underskot – er eit resultat som er langt betre enn realitetane. For i denne samanheng høyrer det med at vi har brukt storparten av

Årsaka til den dårlege rekneskapen er ein kombinasjon av svikt i dei budsjettmessige føresetnadene og overskridingar i høve til budsjettet. Den store overskridinga var i barne- og familievernet med 57,6 mill. kr i minus. Dei frie inntektene våre – skatt og rammetilskot – vart 22 mill. kr lågare enn budsjettert. Reglane for føring av pensjonspremie gav oss om lag 15 mill. kr i svikt, skriv fylkesrådmannen.
Dårleg start på 2004
Den svake 2003-rekneskapen er ein dårleg start på 2004 — for vi veit at normalt indikerer rekneskapen for eit år retninga og resultatet for det påfølgjande året. I budsjettåret vi no er inne i, må vi greia å dempa utgiftene. Inntektsveksten i år vil ikkje på langt nær verta stor nok til dekka tilsvarande utgiftsnivå som i fjor, understrekar fylkesrådmannen.

Økonomiske utfordringar
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg kommenterer i årsmeldinga den økonomiske situasjonen slik: «Hordaland fylkeskommune har dei to siste åra hatt rekneskapsunderskot på 42-45 mill. kr årleg. Dette er ei utvikling som ikkje kan halda fram. Vi må koma oss ut av underskotsposisjonen, slik at fylkeskommunen kan koma meir offensivt på bana.»

Fylkesordføraren seier i kommentaren sin at det er eit tankkors at underskota i 2002-03 er om lag i same storleik som den årlege summen fylkeskommunen betaler i avdrag og renter på driftsunderskotet staten let Hordaland sitja att med etter sjukehusoppgjeret.

Last ned heile årsmeldinga for Hordaland fylkeskommune (pdf-fil)

Stanley Hauge

24.05.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart