Vurderer tre alternativ for heilårsveg over Vikafjellet

Hordaland fylkesutval vil ha vurdert tre alternativ for heilårsveg over Vikafjellet. De tre alternativa er veg gjennom Bøadalen, Hestavollen eller Ovrisdalen. Alle alternativa vil koste meir enn 500 millionar kroner.


Desse tre alternativa skal takast med i det vidare fylkesplanarbeidet og konsekvensutgreiinga. Fylkesutalet støttar dei framlagde forslaga til kva tema som skal takast med i konsekvensutgreiinga og har ikkje merknader til konsekvensutgreiingsprogrammet.

Alternativet Vik Hestavollen-Kvassdalen er basert på ein 7,5 kilometer tunnel frå Hestavollen til Hola/Kvassdalen. Dette vil framleis vere ein høgfjellsveg og vil krevje ombyggingar for å redusere vinterproblema fram til Hestavollen. Dette er det billegaste alternativet med total kostnad på 545 millionar kroner. Ulempa er at tungtrafikken må opp i 1000 meters høgde.

Alternativet Vik-Bøadalen-Kvassdalen er basert på ein hovudtunnel på 15,3 kilometer frå Bøadalen til Kvassdalen og ein tunnel på 2,2 kilometer i tverrslag til Framfjorden. Dette er det dyraste alternativet til 846 millionar kroner, men er interessant fordi det gjev sikker veg til Framfjorden og opnar for praktiske løysingar for tunneldrift og massehandtering.

Alternativet Vik-Ovrisdalen-Kvassdalen er basert på ein 13,6 kilometer lang tunnel frå Fodnastølen i Ovrisdalen til Hola/Kvassdalen. Dette er kostnadsrekna til 789 millionar kroner og vil gje kortast veg mellom Vik og Voss. Ulempa er store inngrep i heilskapleg jordbrukslandskap og at alternativet gjer det vanskeleg å nytte eksisterande riksveg gjennom Vik sentrum. Styringsgruppa for heilårsveg over Vikafjellet tilrår ikkje denne løysinga.

Stanley Hauge

25.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart