
Jernbana mellom Bergen og Voss vart opna i 1875. Dei aller fleste stasjonsbygningane langs Vossebana var like. Stasjonsbygningane vart kalla ”mellomstasjon klasse 4” og var teikna av arkitekt Balthazar Lange i sveitserstil.
Do, venterom og godshus
Den første tida hyste stasjonsbygningen det meste. Nede var det kontor, venterom, godshus og do. I andre etasje budde stasjonsmeisteren med familie. Utomhus er det og viktige historiske trekk, gamle murar, som bør vernast for ettertida.
Historisk identitet
Fylkeskommune meiner det er viktig å ta vare på dei eldste bygningane som representerer visuelle særtrekk som er viktige for vidareutviklinga av den historiske identiteten på staden.
- Det er viktig å ha utarbeidd ein plan der bygningar og bygningsmiljø er merka bevaringsverdige. Slik det er vist i planen, er eit eldre hus registrert som bevaringsverdig tidlegare. Vi vil rå til at ein set av heile området rundt huset til spesialområde bevaring etter plan- og bygningslova, skriv gruppeleiar Marit Rødseth i brev til Vaksdal kommune.
Kulvert under europavegen
Reguleringsplanen er eit samarbeid mellom Vaksdal kommune, Jernbaneverket og Statens Vegvesen og omfattar om lag 145m mål på austre del av Stanghelle. Reguleringsendringane går i hovudsak på europavegen, jernbana og omdisponering av byggjeareal. Viktige endringar er ny samla avkøyrsle frå europavegen mot vest, slik at tilførsel til austsida skal skje via kulvert under europavegen. Jernbaneområdet får ny tilkomst frå brua og nokre av forretningsområda er endra til bustadføremål, friområde og friluftsområde.
Auka trvisel og kvalitet på Stanghelle
- Vi tykkjer planendringsframlegget er godt og kan vere med på å auke trivsel og kvalitet i tettstadmiljøet på Stanghelle, skriv Marit Rødseth i brevet til Vaksdal kommune.
Les heile brevet som Hordaland fylkeskommune har sendt til Vaksdal kommune om reguleringsplanen for Stanghelle
Bjarte Brask Eriksen