Samferdselsutvalet i Hordaland går inn for å omklassifisere vegar i Nesttun-området etter at E39 har fått ny trasé utanom Nesttun.
Den 1250 meter lange riksveg 580 frå Midttun til Nesttun skal omklassifiserast til fylkesveg. Den fungerer som lokalveg og sambindingsveg for fylkesvegnettet i området.
Vidare går utvalet inn for at den nye gågata gjennom Nesttun sentrum, det tidlegare austre løp av E39, blir omklassifisert til kommunal veg.
Sandbrekkevegen
Derimot utsette samferdselsutvalet saka om nedklassifisering av Sandbrekkevegen, fylkesveg 186 til kommunal veg. Utvalet føreset at vegen som er svingete og smal, må få betre trafikktryggleik for dei som bur langs vegen før kommunen overtek den.
Etter at den nye E39 Hop-Midttun vart teken i bruk har trafikken langs Sandbrekkevegen gått ned frå 6000 køyretøy i døgnet i gjennomsnitt til 4200 køyretøy.
Statens vegvesen meier dette framleis er uønska stor gjennomgangstrafikk og ønskjer å gå inn med fartsdempande humpar eller eventuelt stenge vegen for gjennomkøyring.
Saka går vidare til fylkesutvalet 24. juni.
Bjarte Brask Eriksen