Hordaland fylkesutval har gjeve Turservice AS saman med Bergen Limousinservice AS konsesjon til å oppretta drosjesentral med 25 nye ordinære drosjeløyve i Bergensområdet.
Vedtaket er gjort med ni (H, Frp, KrF og V) mot seks (A, Sp og SV) røyster. Mindretalet gjekk i mot å gje konsesjon.
Fylkesutvalet sitt vedtak:
1. Turservice AS in solidum med Bergen Limousinservice AS får konsesjon til å drive drosjeformidling i kommunane Askøy, Bergen, Fjell og Sund når namnet på sentralen og regelverket rundt sentralen er godkjent av fylkeskommunen og når sentralen har levert og fått godkjent følgjande dokumentasjon:
– firmaattest
– vedtekter
– nærare utgreiing om kva kommunikasjonssystem sentralen skal ha
2. Det blir oppretta 25 nye ordinære drosjeløyve i Bergensområdet. På 10 av løyva skal bil registrert på løyve kunne transportere 10 – 17 personar samstundes som bilen skal oppfylle vilkåra i bilag 3 til Kjøretøyforskrifta. På dei 15 andre løyva skal det registrerast bil med plass til inntil 9 personar. 10 av desse løyva skal tildelast innan 1. august 2004, medan dei resterande 15 løyva skal tildelast innan 1. oktober 2004.
3. Det blir sett krav om at det skal installerast registrerande taksameter i dei nye drosjeløyva.
4. Dei 25 nye løyva kan tildelast den nye sentralen.
5. Fylkesrådmannen får fullmakt til å godkjenne organiseringa av og vedtektene for sentralen.
Stanley Hauge