Ny drosjesentral i Bergensområdet

Fleirtalet i samferdselsutvalet i Hordaland er positiv til at Turservice AS saman med Bergen Limousinservice AS får opprette drosjesentral med 25 nye ordinære drosjeløyve i Bergensområdet.


Fleirtalet på sju (H, Frp og KrF) går inn for å gje konsesjon, mens mindretalet på seks (A, Sp, SV og RV) gjekk i mot.

Det blir stilt følgjande krav til den nye drosjesentralen:
Turservice AS in solidum med Bergen Limousinservice AS får konsesjon til å drive drosjeformidling i kommunane Askøy, Bergen, Fjell og Sund når namnet på sentralen og regelverket rundt sentralen er godkjent av fylkeskommunen og når sentralen har levert og fått godkjent følgjande dokumentasjon:
· firmaattest
· vedtekter
· nærare utgreiing om kva kommunikasjonssystem sentralen skal ha

Det blir oppretta 25 nye ordinære drosjeløyve i Bergensområdet. På 10 av løyva skal bil registrert på løyve kunne transportere 10 – 17 personar samstundes som bilen skal oppfylle vilkåra i bilag 3 til Kjøretøyforskrifta. På dei 15 andre løyva skal det registrerast bil med plass til inntil 9 personar. 10 av desse løyva skal tildelast innan 1. august 2004, medan dei resterande 15 løyva skal tildelast innan 1. oktober 2004.

Det blir sett krav om at det skal installerast registrerande taksameter i dei nye drosjeløyva. Dei 25 nye løyva kan tildelast den nye sentralen.
Fylkesrådmannen får fullmakt til å godkjenne organiseringa av og vedtektene for sentralen.

Saka blir avgjort av fylkesutvalet 24. juni.

Bjarte Brask Eriksen

18.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart