Motsegn til reguleringsplan for Vågen, kaiane og Bryggen i Bergen

Hordaland fylkesutval fremjar motsegn til fem punkt i den omfattande reguleringsplanen Bergen kommune har utarbeidd for Vågen, kaiane og Bryggen. Fylkesutvalet har også merknader til ei rekkje andre punkt i planen. Meininga med motsegna og merknadene er


I fylkesrådmannen si saksutgreiing heiter det m.a.: «Som heilskap treng planen noko meir gjennomarbeiding. Eg vil rå til at han vert gjennomgått på nytt med tanke på presisjon, justert i høve til denne og andre høyringsfråsegner og lagt ut til ny høyring før vedtak. Eg viser særskilt til fråsegnene frå dei andre kulturminnestyresmaktene, Riksantikvaren og Bergens sjøfartsmuseum. Ein ny gjennomgang er naudsynt for å sikra at dei gode intensjonane Bergen kommune viser i planen vert realiserte og at denne viktige planen vert den klare og velfungerande styringsreiskapen han bør vera.»

Fylkesutvalet sitt vedtak:
«Fylkesutvalet ser positivt på at Bergen kommune gjennom reguleringsplan for Vågen, kaiene og Bryggen legg opp til betre vern av Bryggen og ei framtidsretta byutvikling rundt Vågen.

Verdskulturminnet Bryggen sine næraste omgjevnader er eit heilt spesielt område i fylket, og det har høg nasjonal interesse. Dette tette byrommet er svært sårbart for inngrep og endringar.
Reguleringsplanen er utarbeidd som eit alternativ til at Riksantikvaren gjennomfører områdefreding etter Kulturminneloven og han skal gje like godt eller tilnærma like godt vern som freding. Det er difor vesentleg at planen er tydeleg og klar nok til at han kan fungera som ein god styringsreiskap, og at han ikkje opnar for tiltak som ikkje er ferdig utgreidde og som kan vera i strid med verneføremålet.

På dette grunnlaget reiser Fylkesutvalet motsegn mot planframlegget på følgjande punkt:
a Planføresegnene, som er for uklare. Det er uklare ramer for tiltak i byromma, og for svake krav til detaljplanprosessar. Planen må skilja mellom føresegner og retningsliner, og føresegnene må gjerast klårare. Detaljplan for område III og IV må handsamast som utbyggingsplan.

b Innkøyring og fotgjengarinngang til parkeringsanlegg, samt påbygg på hus i område E. Desse tiltaka krev eller kan krevja dipsensasjon frå Kulturminneloven, og planen slik han ligg føre gjev ikkje grunnlag for å vurdera tiltaka for dispensasjon.

c Utfylling i Vågsbotnen, torgbygg langs Zachariasbryggen, samt mindre bygg i siktsona over Torget/Torgallmenningen. Tiltaka må justerast. Dispensasjon frå Kulturminneloven til utfylling vil bli vurdert som del av ei heilskapleg, justert løysing.

d Nybygg på felt D og tilbygg i felt G så lenge det ikkje følgjast av gode formgjevingsføresegner som det er semje om.

e Nybygg på inntil fire meters høgd framfor Bryggen i felta II og III

I tillegg vil Fylkesutvalet be om at
- § 3.1.4. om sakshandsaming og ansvar etter Kulturminnelova får slik ordlyd som Riksantikvaren føreslår i si høyringsfråsegn.

- § 5.1.2 om arealbruk/bruksføremål på Bryggen fjernast eller endrast. Det vesentlege er å unngå uheldige inngrep i dei freda bygningane på Bryggen, noko Kulturmineloven skal regulera, men dette kan gjerast med ulike typar bruk.

- § 6.6.7.12 om flytting av Dramshusen sitt kaiskur til Finnegården vurderast på nytt. Plassering framfor Finnegården er positivt, men kaiskuret bør ikkje setjast opp langt inne på land sjølv om det stod på dette punktet i 1702 då sjøen gjekk lenger inn.

- § 6.7 III om arealet framfor Bryggen endrast. Planen bør ikkje seia noko om gatedekke framfor Bryggen.

- tilhøva for kollektivtrafikken på Torget vert vurderte om att med tanke på det store passasjertalet som stig av og på på denne stoppestaden.»

Stanley Hauge

29.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart